Uttalelse: Stopp blodbadet på Sri Lanka

Den humanitære situasjonen for tamilane på Sri Lanka er prekær. Mellom 100.000 og 200.000 sivile oppheld seg i eit område på 12 kvadratkilometer der krigen mellom regjeringssoldatane og LTTE vert utkjempa. Og fleire hundre menneske vert drepne og lemlesta kvar dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Uttalelse Venstres landsstyre: 23.04.2009

Noreg har ilag med USA, Japan og EU oppfordra partane til å starte forhandlingar for å få slutt på kampane. Dette har vi ikkje lukkast i.

Sterkare press
Venstre meiner at Noreg saman med det internasjonale samfunnet, må legge sterkare press på partane i krigen på Sri Lanka for å hindre at blodbadet held fram. Verdsamfunnet må ikkje gjere same feil som i Rwanda og Srebrenica der ein passivt såg på folkemord. Partane må akseptere våpenkvile, og humanitære organisasjonar og journalistar må få høve til å kome inn i krigsområdet.

Venstre er oppteken av at rettane til den tamilske sivile folkesetnaden må sikrast. Det internasjonale samfunnet må framleis spele ei viktig rolle i freds- og rettferdsarbeidet.

Verdssamfunnet er gjennom ei erklæring frå 190 land i 2005, forplikta til å handle aktivt og førebyggjande når folkegrupper vert truga med folkemord.

Venstre krever
At Sri Lankas regjering og LTTE umiddelbart stanser krigshandlingene og overgrepene mot sivile, og at den norske regjeringen ber FNs Sikkerhetsråd om å henvise situasjonen på Sri Lanka til ICCs aktorat for etterforskning av mulige krigsforbrytelser og forbrytelser mot menneskeheten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**