Kvassheim skuffa over at gasskraftplanane er skrinlagde

Venstres Gunnar Kvassheim meiner staten bør strekka seg langt for å støtta opp om gasskraft-planane til Eramet og Statkraft. Han er skuffa over at planane er skrinlagde

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunnar Kvassheim

Foto: John Leiv Dahlseng

— Ein dårleg nyhet for Sauda og energi-Norge, konstaterer leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Gunnar Kvassheim, til avisa Ryfylke.
Venstrepolitikaren har lenge følgt planane om bygginga av eit energigjenvinningsanlegg i Sauda og har hatt store forventningar til prosjektet.
Gunnar Kvassheim har hatt store forventingar til dette prosjektet som han har følgt planane for gjennom lang tid.
Kvassheim vil oppfordra olje- og energiminister Terje Riis-Johansen til å møta samarbeidspartnarane Eramet og Statkraft.

— Han må signalisera overfor dei kor viktig det er at dette prosjektet blir realisert. At staten vil følga prosjektet vidare og at Enova-stønaden vil stå ved lag også seinare, seier Kvassheim vidare til avisa Ryfylke.

Les meir her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**