Blankofullmakt frå regjeringa og FrP til dine private helseopplysningar

Venstre er skuffa over at Regjeringa i dag saman med Frp har sikra fleirtal for ei løysing med vidopne pasientjournalar. Og meiar denne løysninga er i strid med menneskerettigheitane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

– Vi er skuffa over at Ap, Sp og Frp ikkje tar omsyn til pasientane sitt personvern i denne saka, seier Gunvald Ludvigsen, helsepolitisk talsmann. Venstre reagerer sterkt på lovforslaget. Det same gjer Helsetilsynet, Datatilsynet, Legeforeningen og FFO.

– Difor fremja Venstre eit alternativt forslag som gjer elektronisk kommunikasjon enklare, men utan blankofullmakter til våre mest private opplysningar, seier Ludvigsen.

Venstre fremmer saman med SV sin representant i Helse- og omsorgskomiteen Olav Gunnar Ballo og H, Krf eit forslag som betre ivaretek personvernet. Forslaget medfører oppretting av ein elektronisk kjernejournal som berre skal innehalde livsnødvendige opplysningar og at ein elles tar i bruk dei eksisterande meldingssystema.

– Elektronisk kommunikasjon fjernar ikkje feildiagnosar, feilbehandling, rare tolkningar eller feilmedisinering. Men det kan derimot gjere folk redde for å snakke med helsepersonell og aukar sjansen for massespredning av sensitive opplysningar og at uvedkommande får vite om ting som den enkelte ønskjer å halde privat, seier Ludvigsen.

– Ingen legar set seg ned i ein akuttsituasjon og les 20 sider med pasientjournal når nokon er minuttar frå å døy. Da treng ein dei mest livsnødvendige opplysningane og ikkje ein haug med unyttig informasjon, sier Ludvigsen.

Les meir her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**