Treng større og meir robuste kommunar

Venstre er samd i intensjonane og retninga i framlegget til ein samhandlingsreform for helsevesenet. Problemet er at ein ikkje tek steget fullt ut og gjer framlegg om å slå saman fleire av dei minste kommunane. Med større og meir robuste kommunar og fleire fagfolk kan vi gi meir og betre behandling, pleie og omsorg i folk sitt nærmiljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: Marta Kvikne

– Hanssen kan lande på kulen viss ikkje samhandlingsreforma vert følgt av ei reform for større og meir robuste kommunar, seier Venstre sin helsepolitiske talsmann Gunvald Ludvigsen.

– Venstre har lenge peikt på nødvendigheita av at primærhelsetenesta vert styrka, og at færre eldre blir kasteballar mellom kommunar og sjukehus, seier Ludvigsen.

Bedre omsorg og mer kvalitet
Venstre vil ha ei velferdsreform som gjev eit betre omsorgstilbod og meir kvalitet på helsetenestene, og det føreset større og meir robuste kommunar og fleire fagfolk.

– Hanssen si samhandlingsreform vil ikkje løyse det som er det største problemet som er mangel på arbeidskraft innanfor sektoren, seier Ludvigsen.

– Det trengst stor kunnskap og kompetanse å ha ansvar for pasientar og brukarar med ulike sjukdomar og for forstå kva slags tenester det er behov for. Pr i dag er ikkje denne kompetansen tilstrekkeleg tilstades i alle norske kommunar. Utan denne kompetansen vil vi gå inn i ei ny omstilling som ikkje blir til beste for pasientane. Dei har fortent betre, seier Ludvigsen.

Ettergi studiegjeld for helsearbeidere
Venstre vil innføre ei ordning med å ettergje studiegjeld for alle helsearbeidarar som vil jobbe i primærhelsetenesta.

– Skal vi dekke behovet for arbeidskraft må kvar tredje som går ut av vidaregåande skule velje helsefag. Vi treng fleire incentiv og gode fagmiljø for kunne gje god omsorg, seier Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**