En sosialistisk enhetsskole

Audun Lysbakken skriv Frå Sidelinja i BA 23. juni om meir praksis i ungdomskulen. Lysbakken sitt innlegg er slett ikkje på sidelinja, men treff spikaren beint på hovudet — om enn ikkje heilt slik han hadde tenkt seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


SV-politikaren er seg sjølv lik; ikkje når han skriv om korleis elevane i norske skular har behov for meir tilrettelagd undervisning, eller korleis skulane må bli meir fleksible i bruken av undervisningsmetodar, slik at kvardagen blir enklare for dei som lærer best gjennom praksis heller enn teori. Her er Venstre einige med han. Lysbakken synar derimot sitt og regjeringa si sosialistiske tankesett i korleis ein skal gå fram — sentralmakta skal bestemme.

Venstre stiller seg positive til at skular som Rothaugen, Rådalslien og Marikollen skal få lov til å bli meir fleksible i undervisninga si, og auke bruken av praksis, bedriftssamarbeid og nye metodar. Me kan berre ikkje forstå kvifor det er byråkratane i kunnskapsdepartementet som skal plukke ut dei heldige skulane. Slike prosjekt er skulane i stand til å gå i gang med på eige initiativ; støtte frå det offentlege skal dei sanneleg få om dei ber om det, men det bør vere skulane sjølve som tar slike avgjerde.

Runar

Venstre ønskjer seg meir sjølvstyrte skular. Tiltaka Lysbakken og regjeringa no kjem med, kunne ha vært gjennomført allereie dersom berre lokale styresmakter og den einskilde skule, som kjenner sine eigne utfordringar mykje betre enn skulebyråkratane i Oslo, hadde fått makt og mynde til å gå i gang med slike prosjekt på eige hand.

Runar Mæland
Ungdomskandidat Hordaland Venstre

(Innlegget sto på trykk i dagens BA)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**