Den tredje vegen

Den lange valkampen er for lengst i gong. Mest sannsynleg sit mange i fylket no med eit inntrykk av at dei til hausten må velje mellom Jens og Jensen, eller mellom Heggø og Starheim. Dette er ikkje så rart. Arbeidarpartiet har nemleg for lengst plukka ut sin favorittmotstandar — Framstegspartiet — og media heng seg på denne karikerte framstillinga av ein todelt politisk røyndom. Heldigvis for veljarane samsvarar ikkje dette biletet med realitetane. Dette skriv Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid. Han er sentralstyremedlem i Unge Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

Der finst nemleg ein løyndom korkje Frp eller Ap ynskjer å avsløre: Dei to partia er faktisk ikkje så ulike som dei likar å framstille seg. Båe to er ekspertar på statlege, sentraliserte normalløysingar som vert tredd nedover hovudet på borgarar og lokaldemokrati. Båe to står for ein menneskevond og folkerettsstridig asylpolitikk. Og ikkje minst: Båe to er totalt uinteresserte i miljø- og klimapolitikk. Lista kunne gjerast mykje lenger. For dei av oss som er levande opptekne av lokaldemokrati, ein human asylpolitikk og ein berekraftig miljø- og klimapolitikk kan valet til hausten såleis synast meiningslaust.

Det er det ikkje. Der finst nemleg eit anna alternativ: Den tredje vegen. Venstre trur korkje på sosialisme eller høgrepopulisme, og er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering — anten dei heiter SV eller Frp. Venstre er eit liberalt parti, som kjempar for at alle skal kunne leve liva sine slik dei vil, med mindre det går ut over andre sin fridom. Difor er vi motstandarar av venstresida si einsretting, der borgarane berre får tilbod om normerte, statlege løysingar som mange ikkje passar inn i. Og difor er vi like sterke motstandarar av høgresida sine trangsynte verdiar som gjer politikk av mellom anna religion og seksuell legning. Liberalarar meiner at gudstru og kjærleik er ein privatsak, og vi trur på lokale og differensierte velferdsløysingar. Vi lever ulike liv — heldigvis.

Å vere liberal handlar om å kjempe for fridom for alle — ikkje berre for LO-medlemmar (Ap og SV), bønder (Senterpartiet), heterofile fråhaldsfolk (Kristeleg folkeparti), kvite menn i dress (Høgre) eller kvite menn i grilldress (Frp). Å vere liberal handlar om å drive politikk fri frå særinteresser, og å gå for politiske løysingar fordi dei er riktige for samfunnet og den einskilde, ikkje fordi dei gjev mest mogleg pengar i valkampkassa.

Dette er grunnen til at vi i Unge Venstre no lanserer kampanjen «Den tredje vegen», der vi fram mot valet vil nytte heimesida http://tredjevei.no til å peike på kvifor både Jens og Jensen tek like feil, og kva alternative løysingar du i staden kan få ved å gje ei røyst til eit liberalt sentrumsalternativ. Norsk politikk er ikkje berre raudbrun og blåbrun — den er også grøn.

Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**