Passiv haldning til klima og papirbruk?

Marit Barsnes gruppeleiar for Venstre på fylkestinget har følgjande innlegg på origo: Karianne Torvanger hadde i Firdaposten laurdag 4.juli og i Firda 8. juli eit innlegg med overskrifta ” Passiv haldning til klima og papirbruk.” Ho refererer blant anna til fylkesutvalet sitt møte 1. juli. Ingen parti utan om AP var villige til å sjå på denne saka skreiv ho. I fylkesutvalet diskuterte vi eit notat frå fylkesrådmannen om utsending av sakspapir. Dette var ei melding og ingen i fylkesutvalet foreslo at vi skulle behandle det som sak i møte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

AP møtte med 3 i dette møtet. Vi såg ikkje nokon grunn til å gjere eit nytt vedtak fordi:

1.Denne saka blei grundig drøfta av gruppeleiarane 5. desember 2007 og det blei gjort føljande vedtak:
"Arbeidsgruppa ynskjer at sakspapira skal sendast ut i papirutgåve.
Dei som ikkje ynskjer å få utsendt sakspapira pr. post melder ifrå til sekretariatet og blir då strokne frå adresselista"

2. Etter dette vedtaket vart det sendt ut e-post til alle medlemmane i fylkestinget med spørsmål om nokon ynskte å få tilsendt sakspapira berre elektronisk. Pr. 1. juli 2009 har ingen sagt frå at dei vil ha papira berre elektronisk.

Så kvar er handlinga til Ap? Kvifor les ikkje de papira på nett?
Ein ting er å stille spørsmål og skrive avisinnlegg. Noko heilt anna er handling.
Men som kjent er det handling som reddar miljøet og ikkje prat.

På gruppemøte i Venstre før arbeidsmøte diskuterte vi denne saka grundig, vi kom fram til at vi kom til å trykke ut dei aller fleste sakene. Det er praktisk å kunne notere spørsmål, streke under og ikkje minst notere innspel som vi får frå andre. Baksidene er og fine til å notere på.
Venstre støtta det forslaget som blei vedtatt av gruppeleiarane, dersom eg ikkje hugsa feil så støtta AP det og.

Ho er og inne på å erstatte trykte læremiddel med elektroniske i skulen for å spare pengar. Vi i Venstre vil ha kunnskap i skulen, om læremidla er trykte eller elektroniske spelar inga rolle, men vi vil ha det beste for elevane. I dag er det gode lærebøker med god elektronisk støtte.

Eg trur ikkje at vi spare så veldig mykje papir verken på å få sakspapira til fylkestinget elektronisk eller erstatte trykte læreverk med digitale til elevane.

Marit Barsnes Krogsæter
Gruppeleiar for Venstre i fylkestinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**