Venstre har gode sjansar i fylket

I sitt lesarinnlegg i Firda den 27. juni slår Alf Kollsete uttrykkjeleg fast at «[Sogn og Fjordane er Venstre sine sjansar til å få eit mandat lik null!». Eg veit ikkje kva Kollsete tenkjer å røyste den 14. september, men han kan vere viss på at ei røyst på Venstre slett ikkje vil vere fånyttes. Snarare tvert imot.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: Rune Kongsro

Onsdag 1. juli publiserte Sunnmørsposten ei mandatutrekning for fylket vårt basert på gjennomsnittet av alle meiningsmålingar i juni. Med andre ord er bakgrunnsmaterialet solid. Utrekninga syner at Venstre kaprar sistemandatet i Sogn og Fjordane, slik vi også gjorde det ved sist val. Når ein i tillegg har med seg at Venstre tradisjonelt gjer det betre ettersom valet nærmar seg, bør såleis sjansane våre vere gode. Våren før sist stortingsval låg Venstre så langt nede som 2-3 prosent på målingane, men fekk eit valresultat på 5,9 prosent. Denne våren har Venstre i gjennomsnitt hatt ca. 6 prosent på målingane, og har vore heilt oppe og snusa på 9-talet, noko som er målsetnaden vår både i fylket og på nasjonalt plan denne hausten. Alt borgar såleis for eit godt resultat for Venstre den 14. september.

Eg oppfattar det likevel slik at Kollsete er mest uroa for at eit stort Venstre vil hindre at Frp kjem til makta. Dette er heilt riktig. Venstre er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering, anten dei heiter SV eller Frp. Vi trur det er betre for landet å få ei mindretalsregjering der den politiske avstanden er overkomeleg, heller enn ei kunstig oppstilt fleirtalsregjering der den politiske avstanden er så stor at ein i realiteten vert handlingslamma. Dagens raudgrøne fleirtalsregjering er eit godt døme på det siste, ei ny sentrum-høgre-regjering vil vere eit godt døme på det første.

Eg kan i alle høve garantere Kollsete éin ting: Nærast uansett valresultat vil Venstre spele ei avgjerande rolle som parti på vippen i Stortinget. Dette vil vonleg resultere i stort gjennomslag for våre kjernesaker: Å fornye velferdssamfunnet, å ta steget over i kunnskapssamfunnet og å setje klima og miljø som prioritet nummer éin. Er ein samd i desse sakene er ei røyst på Venstre det tryggaste valet denne hausten. Også i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**