Møt Gunvald og Venstre sine toppkandidatar på liberal.no

Venstre sin valkampportal er http://liberal.no/
Her kan du mellom anna lese om Gunvald Ludvigsen og alle toppkandidatane til Venstre til Stortingsvalet og du kan registrere deg sjølv som brukar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Har du registrert deg på liberal.no?
Venstre har lansert ein valkamparena for dialog og deltaking kalla liberal.no. Her kan du diskutere politikk med andre Venstrefolk og veljarar, samt sjå valkampvideoer mm.

Har du enno ikkje registrert deg på liberal.no, kom i gong no.

Hjelp/brukarstøtte
For informasjon og hjelp til å komme i gang, sjå denne enkle bruksanvisninga:
http://liberal.no/2009/05/liberalno-p-1-2-3/ Får du problem kan du sende epost til Frode Nergaard Fjeldstad [email protected] (Informasjonsrådgjevar)

Engasjement
Alle brukarar får poeng på Liberal.no alt etter kor aktiv du er i Venstres valkamp. Nokre av poenga får du ved å bruke Liberal.no aktivt, andre får du ved å utføre tradisjonell valkampvirksomheit. Sjå oversikt under Rediger min profil -> Engasjement.

Del dine innlegg
Har du allereie registrert deg og oppretta profil på liberal.no, så vil vi takke for ditt engasjement!
Hugs at du kan dele dine innlegg på Facebook og Twitter mv. Då når du fleire med din bodskap. Du kan også lese denne artikkelen om korleis dele dine innlegg vha Twingly: http://liberal.no/2009/07/bruk-av-twingly-pa-liberalno/

God valkamp!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**