Venstre kjem til ei kai nær deg

I år har Sogn og Fjordane Venstre bestemt seg for å nytte båt i valkampen. Denne skal reise rundt i heile fylket. Målet er å nå ut til alle veljarane, og i tillegg få sjå og oppleve dei ulike sidene ved Sogn og Fjordane. – Eg gler meg stort til å kaste loss og treffe nordfjordingar, sunnfjordingar og sogningar der dei bur, seier Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Valfisk

Foto: Privat

Ungt mannskap
Ludvigsen er klar for ein intensiv månad med røystefiske langs kyst og fjord, og vil saman med partifellar i heile fylket satse hardt for å treffe mest mogleg folk før 14. september. Han vil vere om bord på båten så ofte han har tid, men vil sjølvsagt også prioritere å delta på debattar og folkemøte kring i fylket.

Janne Sørum og Sveinung Rotevatn

Janne Sørum og Sveinung Rotevatn

Fast mannskap på båten vert Janne Sørum (25) frå Leikanger og Sveinung Rotevatn (22) frå Nordfjordeid, som båe er tilsette som valkampsekretærar for fylkeslaget denne sommaren og hausten. Janne er også leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre og 3. kandidat for Venstre i fylket, medan Sveinung er 11. kandidat og sentralstyremedlem i Noregs Unge Venstre. Båtansvarleg er Kåre-Jarl Langeland og skipper vert Jostein Nødseth. Andre stortingskandidatar og styremedlemmar i Sogn og Fjordane Venstre vil vere med på tur så ofte dei har høve.

Utradisjonell satsing
– Det er nok slik at veljarane fort kan drukne i valbrosjyrer, parasollar og gratis drops. Difor ynskjer vi å gjere noko litt annleis i år, og vi vonar at båten vil vere ein augeopnar for den politiske bodskapen vår, seier Ludvigsen.

Både han og resten av venstrekandidatane i landet går i år til val med tre hovudbodskapar: Venstre vil fornye velferdssamfunnet, arbeide for lågutsleppssamfunnet og ta steget over i kunnskapssamfunnet. Orda velferd, miljø og kunnskap vil såleis gå att både på båten, på plakatar og i det politiske ordskiftet.

Det vert valkampopning i Florø den 7. august. Båten vil då segle vidare til resten av fylket, før Venstre-folket fortøyar skuta for godt 5. september. Diverre er det to landlåste kommunar partiet ikkje når med båt, nemleg Hornindal og Jølster. Honndølene og jølstringane treng likevel ikkje å vere uroa, på den eine eller andre måten lovar Venstre å nå målsetjinga om å vitje samtlege kommunar i fylket.

Opne for innspel
– Den sentrale bodskapen med båten er at Venstre kjem til borgarane, uansett kvar dei bur, og at politikarar er til for folket, ikkje omvendt. For oss er det viktigaste å reise rundt og få innspel frå folk. Alle delane av fylket er like viktige for oss, og båtturen skal illustrere at ein tenkjer heilskapleg, seier Ludvigsen.
– I tillegg må nok båtprosjektet kunne seiast å vere eit symbol på at Venstre ikkje alltid vel dei enklaste løysingane, seier stortingsrepresentanten med eit smil.
Dei ulike lokallaga i fylket kjem til å stille opp på kaiene for å ta imot båten, og vil syte for underhaldning, mat, song, konkurransar, stand-up og andre kulturinnslag for å skape mest mogleg folkeliv kring dei ulike valkamparrangementa. Og ikkje minst vil vonleg lokallaga vere flinke til å bringe på bana viktige lokale saker som kandidatane kan ta med seg i det vidare arbeidet.

Gunvald Ludvigsen

Foto: NorskeVenstre

Gode sjansar i fylket
Venstre har i dag éin representant på Stortinget frå Sogn og Fjordane, og Gunvald Ludvigsen har stor tru på attval.
– Sjølv om Sogn og Fjordane er eit lite fylke, har Venstre tradisjonelt gjort gode val. I følgje Sunnmørsposten, som har sett på snittet for meiningsmålingane i juni, er vi per dags dato inne med eit utjamningsmandat. Eg vil arbeide knallhardt for at dette skal verte ein realitet, og gler meg stort til valkamp, avsluttar Ludvigsen.

REISERUTA UNDER VALKAMPEN 2009 finn du på menylinja til venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**