Venstre tek truleg sistemandatet

I ein ny analyse av dei ti siste nasjonale meiningsmålingane kjem det fram at Gunvald Ludvigsen og Venstre kan bu seg på fire nye år på Stortinget for Sogn og Fjordane. — Dette er ei god vitamininnsprøyting før valkampen tek til for fullt, seier Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: NorskeVenstre

Analysen er utført av Svein Tore Marthinsen, statsvitar og valanalytikar, på oppdrag for tidsskriftet Minerva, med utgangspunkt i dei ti siste nasjonale meiningsmålingane, valstatistikk, lokale målingar og eigne prognosar.

Står mellom SV, KrF og Venstre
Sogn og Fjordane har berre 4 distriktsmandat i spel den 14. september, og kampen om utjamningsmandatet seglar såleis opp til å verte ein skikkeleg thriller. I følgje Marthinsen peiker målingane i retning av at kampen vil stå mellom Sosialistisk venstreparti, KrF og Venstre.
– Venstre tok dette sist og har nok den beste moglegheita av dei tre, seier Marthinsen til Minerva.
Dette samsvarar godt med ei lokal måling som vart utført for avisa Firda og Firdaposten tidlegare i vår, der Venstre gjekk fram i høve valresultatet i 2005. Dei nasjonale målingane for partiet har i tillegg vore på eit jamt høgare nivå enn i oppløpet til sist stortingsvalkamp, så partiet som tradisjonelt stig mot valdagen bør såleis ha gode sjansar i fylket. Også Sunnmørsposten konkluderte i ein analyse den 1. juli med at snittet av meiningsmålingane peika mot eit fornya mandat for Venstre i Sogn og Fjordane.

Varsam optimist
Førstekandidat Gunvald Ludvigsen, som kom inn med eit naudskrik valnatta 2005, er etter dette varsam optimist med tanke på fire nye år som folkevald på Løvebakken.
– Vi skal sjølvsagt alltid ta meiningsmålingar med ei klype salt, og eg vil ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten. Det som likevel gjer meg optimistisk, er at Venstre tradisjonelt alltid gjer det betre ved val enn på meiningsmålingar, seier ein kampklar stortingsrepresentant.
Ludvigsen har nettopp gjort unna nokre veker med ferie, og er no klar for å stå på for fullt dei siste 60 dagane fram mot valet.
– Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har vore meir motivert for å drive valkamp. Det har vore fire spanande år på Stortinget, men på grunn av det raudgrøne fleirtalet har det ikkje alltid vore like enkelt å få gjennomslag for saker. Difor gler eg meg til å gjere eit endå betre val for Venstre enn sist, noko som vil vere nøkkelen til å skape eit meir sentrumsnært fleirtal.

Ikkje-sosialistisk fleirtal
Analysen til Marthinsen kan tyde på at Ludvigsen får rett i sine spådomar. På snittet av den siste månadens meiningsmålingar er dei raudgrøne eit godt stykke unna fornya fleirtal, noko dei heller ikkje har hatt ein einaste månad sidan valnatta i 2005.
– Det er viktig å skape parlamentarisk grunnlag for ei anstendig sentrum-høgre-regjering, seier Ludvigsen.
– Berre slik kan vi sikre at Noreg tek steget over i kunnskapssamfunnet, gjer alvor av visjonen om lågutsleppssamfunnet og fornyar velferdssamfunnet. Då er det avgjerande at Venstre gjer eit godt val, og det trur eg vi kjem til å gjere her i Sogn og Fjordane, avsluttar Venstre sin førstekandidat.

Kontaktinfo:
Førstekandidat Gunvald Ludvigsen: 480 91 488
Fylkesleiar Torbjørn Kolås: 905 00 733
Valkampsekretær Sveinung Rotevatn: 951 46 487

Kjelder:
http://www.minerva.as/?vis=artikkel&fid=6153&id=150720090943309212&magasin=ja&t=Stillingen-i-alle-19-valgkretser

http://www.smp.no/article/20090701/MENINGER01/159960065

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**