Betre velferd krev sterkare kommunar

Kjersti Toppe (Sp) etterlyser i innlegget “Førebygging skjer lokalt” ei forklaring frå Venstre på vi ønskjer å endre dagens kommunestruktur. Det korte svaret er at Venstre vil meir for lokalsamfunna enn Senterpartiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Flø, Ulstein kommune

Noreg er eit av verdas mest sentraliserte land, og utviklinga går i retning av at stadig fleire politiske oppgåver som barnehage, skule, helse og kultur vert avgjort i Oslo framfor i den einskilde kommune. Er det ein ting som sameiner ytste venstrefløy og ytste høgrefløy i norsk politikk så er det mistrua til det lokale sjølvstyret.

Eit viktig ledd i å snu denne utviklinga er å flytte så mange oppgåver som mogleg frå stat til kommune. Dette vil imidlartid krevje endring av dagens 45 år gamle kommunestruktur. Fleire av oppgåvene som i dag vert løyst av staten krev kompetansearbeidskraft som mange av dagens småkommunar vil ha problem med å tiltrekke seg, eller få nok av. Dette er ikkje teori, slik Toppe påstår, men realitet.

Flø, Ulstein kommune

29.mars i år gjekk barneombod Reidar Hjerman ut i Bergens Tidende med følgjande problemstilling knytt til barnevern og kommunestruktur: "Halvparten av landets kommunar har under fem tusen innbyggjarar, og i mange av desse er det berre ein stilling eller mindre i barnevernstenesta. Ofte er det så små og gjennomsiktige tilhøve at terskelen blir veldig høg før born som er utsett for omsorgssvikt får den hjelpa dei treng".

Lars Sponheim om velferd

Om Toppe vil ignorere barneombodets bekymring frå stå på hennar rekning, men i Venstre tek vi Hjermans ord på alvor. Det er ikkje nok for ein liten kommune å berre bli tildelt fleire oppgåver, dei må og gjerast i stand til å løyse oppgåvene til beste for innbyggjarane sine. Derfor er det vi Venstre går til val på ein velferds- og demokratireform, og ikkje ein halvvegs samhandlingsreform. Betre velferd krev sterkare kommunar.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Lars-Henrik Paarup Michelsen,
Hordaland Venstres 2. kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**