Temakveld med fokus på pårørende

Vi inviterer til ein kveld der vi har fokus på pårørandenes utfordringar.

MÅNDAG 24. AUGUST KL 1830 – RØDE KORS HUSET PÅ BRYNE

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Stress, varsler, arbeidsmiljø

Foto: Jonny Olsson, Arbeidstilsynet

Før eller seinare i livet kjem vi vel alle bort i situasjonar der vi er pårørande til nokon som har eller •har hatt det vondt:
•oppleva ulukke / tragisk død
•har kanskje sete i fengsel
•har kome i kontakt med stoff
•slit med misbruk av alkohol / medikament
•har psykiske vanskar
•slit med speleavhengigheit

Vi ønskjer ein kveld der vi har fokus på pårørande til dei som møter desse utfordringane.
Difor inviterer vi til ein kveld slik:

STAD: RØDE KORS HUSET PÅ BRYNE

NÅR: MÅNDAG 24. AUGUST KL 1830

Korte innlegg ved:
ELSE SOFIE EGELAND, 1. nestleiar i Norske Kvinners Sanitetsforeining
LINKI SALTE, veiledningssenteret for pårørande i Sandnes,
BERIT BROMAN FOSS, pårørande
REPRESENTANT frå helsetenesta i Time kommune

Høve til spørsmål, innlegg og meiningsytringar frå dei som er til stades
Vi vonar at nett DU tykkjer dette er interessant og vil vera med oss.

Difor vender vi oss nett til DEG
DU skal vita at nett DU er hjarteleg velkommen

Vel møtt!

Med helsing

Knut Norddal Ingebjørg K. Undheim
Leiar i Time Venstre Kommunestyrerepresentant
Time Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**