Send inn spørsmål no og følg møtet her.
Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen er renominert på toppen av lista til Sogn og Fjordane Venstre. Gunvald sit i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og har mellom anna bakgrunn som direktør på Nordfjord sjukehus.
– Styrking av lokaldemokratiet gjennom nye og sterkare kommunar, som òg kan overta fleire velferdoppgåver frå staten, blir kampsaker for meg og Venstre, seier Ludvigsen. Sterkare kommunar, meir fagleg kompetanse og ei betre kommunehelseteneste er naudsynt for å avlaste sjukehusa.
Han trekk fram særleg tre faktorar:
– Vi må styrke fastlegeordninga, utføre meir behandling i primærhelsetenesta og sette av fleire plassar ved sjukeheimane til pasientar som er ferdigbehandla ved sjukehusa. Lege- og sjukepleiarressursane på sjukeheimane må styrkast, lokalsjukehusa må styrkast og samhandlinga mellom spesialist- og primærhelsetenestenivået må betrast og systematiserast, seier Ludvigsen. Han er heilt klar på at om ein skal løyse utfordringane i helsesektoren, må folk flest få behandling i nærleiken av der dei bur.