SV set regjeringsmakt føre miljø

Sosialistisk Venstreparti vil kjempe mot oljeaktivitet i dei sårbare havområda utanfor Lofoten og Vesterålen. I regjering er dei med på ein politikk som legg til rette for det stikk motsette. I budsjett etter budsjett har den raudgrøne regjeringa satsa tungt på oljeleiting utanfor Lofoten og Vesterålen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Janne Sørum

Foto: Vigdis Tonning

For inneverande år er bevilginga til seismikk auka med 60 millionar kroner til totalt 200 millionar kroner. Denne aukinga vart motteke med stor begeistring av Oljeindustriens Landsforeining. I sterk kontrast til dette står mangelfulle løyvingar til å kartleggje havmiljøet i nord. Med dagens tempo vil det ikkje vera mogleg å fullføra dette arbeidet før forvaltningsplanen skal opp til ny vurdering i 2010.

Venstre vil innføre varige petroleumsfrie soner i havområdet utanfor Lofoten og Vesterålen. I samband med eventuelle regjeringsforhandlingar etter stortingsvalet, vil dette vera eit ultimatum frå Venstre. Vi hadde forventa at Sosialistisk Venstreparti skulle vera like tydelege. SV har sagt nei til å følje Venstre sitt eksempel. Den merkverdige forklaringa er at eit slikt ultimatum vil føre til mindre grasrotmobilisering mot oljeutbyggjing. Etter Venstre si vurdering bidreg SV si nøling til det stikk motsette.

Hadde SV følgd Venstre sitt eksempel, ville det vore eit kraftig bidrag til ein viktig miljøsiger. Det hadde inspirert til folkeleg motstand for å syne at denne vernelinja har brei tilslutning. Når SV vel annleis, syner det at partiet er opne for å prioritere regjeringsdeltaking føre ei viktig miljøsak.

Janne Sørum
3. kandidat Sogn og Fjordane Venstre
Leiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**