Velkommen til fylkessamling

Hordaland Venstre inviterer til fylkessamling i Bergen helga 13. og 14. november.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Vinter Bergen

Spørsmål som vil vere tema for samlinga denne gongen er blant anna: Valet 2009 — kva skjedde? Kva gjer vi no? Korleis få glød i organisasjonen fram mot lokalvalet 2011?
Sted: Bergen Døvesenter, Kalfarveien 79 (se kart)

Program
Fredag 13. november
Kl. 19.00 analyserer Stian Ludvigsen tal frå valet
I tillegg kjem journalist Frank Rossavik fra Morgenbladet. Han reflekterer rundt kva som skjedde med Venstre i valet – med spesielt blikk på Hordaland.

Terje Breivik, Lars Sponheim og Mona Hellesnes

Laurdag 14. startar vi tidleg — kl. 9.30 med ein runde på korleis me opplevde valet lokalt.
Kl. 10.00 kjem generalsekretær Terje Breivik. Han analyserer valet sett frå Oslo og han gir oss innsikt i kva alle våre nye medlemmar meiner om partiet og kvifor dei har meldt seg inn.

Kl. 12.00 kjem partileiar Lars Sponheim og snakkar om politikk og Venstre sin veg framover.

Det vert lunsj i løpet av dagen og vi sluttar av rundt kl. 14.30.

Deltakaravgift kr. 200,- for fredag (inkludert middag) og kr. 150,- for laurdag (inkludert lunsj).

Det vert lagt opp til at kvar enkelt ordner med evt. overnatting på eiga hand. Kontoret kan likevel hjelpa til med å formidle privat overnatting eller eit billeg hotellopphald.

Påmelding til fylkessekretær Gro Gjelsvik på
e-post: [email protected] eller
telefon: 55 55 30 60 (måndag, onsdag, fredag 9-16)

Påmeldingsfrist er tirsdag 10. november

Vel møtt!

Bergen
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**