Skodje Venstre: Vonbrot over budsjettvedtak

Fleirtalet i kommunestyret følgjer rådmannens framlegg, utan tanke for konsekvensane for innbyggjarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Politikarane frå Senterpartiet og Framskrittspartiet valde å røyste for rådmannens innstilling, og utgjorde fleirtalet som avgjorde at Skodje ikkje kan ha kyrkje for innbyggjarane sine heile året. At 150-års-jubileet ikkje kan feirast i kyrkja kan sikkert kyrkjelyden leve med. At innbyggjarane må andre stader for å få utført kyrkjeleg handlingar, dersom kyrkja vert steng i periodar er også ein mogleg konsekvens av budsjettvedtaket 15.desember 2009.

Venstre har merka oss at den største auken i kommunebudsjettet for 2010 kjem sentraladministrasjonen til gode med nesten ein million kroner. Fordi “eininga slit med lang sakshandsamingstid”, som det heiter i rådmannen si budsjettutgreiing.

Vidare har vi merka oss at fleire postar har blitt flytta frå eit kapittel til eit anna, nytt kapittel er auka men gamalt kapittel er tilsynelatande ikkje redusert tilsvarande. T.d. gjeld dette revisjonskostnader. Rådmannens budsjettutgreiing gir for lite informasjon bakgrunnen for og konsekvensane av dei endra rammene.

Ei stengd kyrkje eit par månader er likevel for inkje å rekne i høve til dei omfattande nedskjeringane fleirtalet i kommunestyret vil la gå ut over dei som treng pleie- og omsorg i kommunen. Budsjettvedtaket inneber i alt tre millionar kroner mindre til pleie- og omsorg. Korleis ei slik innsparing kan gjennomførast kunne korkje rådmannen eller kommunestyret seie noko om.

Kari Grindvik
leiari Skodje Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**