Vedtatt uttalelse: Vern gyteområda i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen

Venstre er sterkt i mot at det blir opna for oljeleiting på dei sårbare gyteområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen. Dette er dei viktigaste gyteområda for torsk og sild langs kysten vår. Dette er naturområde som er heilt eineståande i norsk og internasjonal samanheng, og som må få varig vern frå petroleumsaktivitet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Havn i Lofoten

Foto: Willy Vendeville | Dreamstime.com

Venstre syner også til at det faglege grunnlaget for oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten som blei lagt fram tidlegare i denne veka, slår fast at dei miljø- og samfunnsmessige konsekvensane av ulykker frå petroleumsaktivitet vil kunne få katastrofale følgjer. Venstre meiner derfor at det ikkje er behov for nokon ytterlegare konsekvensutreiing om oljeaktivitet i desse områda.

Venstre understrekar også at petroleumsaktivitet i desse områda vil bidra til endå meir CO2-utslepp i ei tid kor Noregs viktigaste oppgåve er å redusere dei samla utsleppa betydeleg.

Olje- og energidepartementet utlyste i februar fleire omstridde område for oljeleting utanfor Mørekysten, mellom anna blokkar som ligg i gyteområda til vårgytande sild og i område med store førekomstar av sårbare kaldtvasskorallrev. Dette har regjeringa gjort mot råda til eigne statlege fagetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT).

Venstre vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene i Lofoten, Vesterålen og på Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som mot betre vitande gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige miljøinteressar.

Venstre vil derfor ha petroleumsfrie soner på dei viktigaste gytefelta våre utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**