Spørsmål til ordførar

Ørskog Venstre etterlyser fullføring av gangvegen Abelset-Tøsse

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Ordførar Thorbjørn Fylling

SPØRSMÅL — KOMMUNESTYRET 29. APRIL 2010

GANGVEGEN ABELSET — TØSSE

Vi kjenner alle bakgrunnen for det som vart gjort knytta til gangvegprosjektet frå Abelseth til Tøsse. Godt jobba så langt — av fleire.
Vegen er på eit vis opparbeidd, men viktig arbeid står att før vegen vert godt brukande for mjuke trafikantar. Blir han liggjande slik, vil bruksverdien vere svært avgrensa og tilveksing vil oppstå.
Vegen bør sjølvsagt fullførast — oppretting — grusing og eventuelt fast dekke.
Då får vi ei god samanhengande gangvegstrekning frå sentrum til Tøsse.

Spørsmål:
Kva kan ordførar — Ørskog kommune gjere for at dette prosjektet vert ført vidare fram mot fullføring?

Ørskog, 26.04.10

Ragnar Bakken — repr. Venstre/Felleslista

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**