Mastemordaren

Det er ikkje heilt uvanleg at Venstre har ordføraren i Ulvik. Det er heller ikkje heilt uvanleg at Venstreordføraren i Ulvik vert kjend i nasjonalmedia. Det som er litt uvanleg, er at Venstreordføraren i Ulvik vert nasjonalkjendis medan vedkomande framleis er ordførar i Ulvik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Teksten er henta frå Liberal 3-2010, som er i postkassene ca. 15. september. Last ned bladet her.

Mona Haugland Hellesnes i Ulvik, Hardanger

Mona Haugland Hellesnes i Ulvik, Hardanger
Foto: Kjartan Almenning

– Det har eigentleg vore heilt uverkeleg. Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men plutseleg stod eg midt i noko stort, seier Mona Haugland Hellesnes. I sommar var ho å sjå på tv-skjermane mest kvar dag, og likeeins i avisspaltene. Noko hadde eksplodert rundt henne.

Lite ferie
"Noko" var regjeringa sitt vedtak frå 2. juli om å byggje ei 420 kV-kraftlinje tvers gjennom Hardanger, med tre luftspenn og trasé gjennom høgt verdsett natur og turområde, både for turistar og fastbuande. Ulvik var ein av dei råka kommunane. — Det var eit håplaust vedtak og argumentasjonen var urederleg, seier Mona og peikar frå garden sin kvar linja er planlagd å gå — rett framfor den populære turtoppen Kvasshovden.

Mona har jobba med mastespørsmålet lenge. Sidan 2005, før ho vart ordførar, har ho vore i styret i den lokale folkeaksjonen. — Då det small, tenkte eg at "no får vi slikt trøkk på denne saka at no må vi vere til stades og synlege, elles glepp det."

– Du droppa ferien?

– Ja, seier ektemannen Tor frå rommet ved sidan av.

– Altså, vi var på tur, men ferie var det knapt, seier Mona. — Det var eit tjuetals lange telefonsamtaler dagleg, og elles vart det mykje skriving på hotellrommet. Eg fekk i alle fall mykje medietrening.

– Kva er det som gjer at Hardanger-mastene engasjerer slik?

– Det er snakk om eit inngrep i det viktigaste tur- og naturområdet vårt. I tillegg køyrer statsmakta gjennom eit tiltak som heile regionen og store delar av heile landet er sterkt imot, utan noko form for forankring. Vi fekk ingenting igjen. 100 millionar til næringsutvikling? Kor billig trur dei at vi er? Vi veit ikkje ein gong om desse midlane ville ha hamna i regionen eller i sentraladministrasjonen.

Hardangerbrua er avsporing
Ein del kritiske røyster har påpeika det paradoksale i at mange av mastemotstandarane har vore sterke tilhengjarar av Hardangerbrua. — Men dei som brukar dette argumentet, vil eg gjerne invitere til regionen. Vi kan ta ein tur på bruanlegget, og ein tur der mastene vil gå. Då vil dei ikkje stille det spørsmålet. Kraftlinja vil gå over 92 kilometer, med 263 punkt, og rundt det heile må det ryddast ei 40 meter brei gate. Brua er 1,4 kilometer og har 2 punkt. Det er ikkje samanliknbart.

Mona peikar på at dette ikkje dreier seg om korvidt cruiseskip snur midtfjords. — Dersom det var båtturismen det stod og fall på, kunne eg kanskje forstå argumentet. Men dette handlar om heilt andre ting enn synsinntrykk frå fjorden. Eg har ikkje alltid vore tilhengar av brua, eg har stilt spørsmål mellom anna på grunn av naturinngrepa som følgjer med. Men det er meiningslaust å dra fram noko som i realiteten vart bestemt å bygge ut for 30 år sidan. Regionen ønskjer brua velkommen på grunn av dei positive ringverknadane. Det er meir enn ein kan seie om mastene, seier Mona.

Master på Vikafjellet

Foto: Kjartan Almenning

— Denne regionen har betalt mykje. Vi har lagt fossar i rør, og vi har store område reservert til vassmagasin som vert stadig oftare nedtappa. No skal vi få master i andletet og bandlegge store areal for linjer. I tillegg er finansieringa av sentralnettet slik at vi sjølve må betale for det gjennom nær trippel nettleige. Det er nok no. Saka låg halvanna år i departementet og vart aldri løfta inn for Stortinget. Det vart brukt urederlige argument for utbygginga, dei reelle årsakene vart ikkje nemnt. Det er klart folk blir opprørt.

Organisatorisk talent
Mona er ein av fleire Venstre-ordførarar i Ulvik som ikkje snakkar reint ulviking. Ho er eigentleg frå Askøy og flytta til Ulvik i 1992. Mannen Tor hadde ho møtt då ho gjekk siste åra på vidaregåande skule på Voss. Sidan gjekk turen til Lillehammer, der dei begge studerte — ho reiseliv og administrasjon. Garden dei bur på i Ulvik, eit sjarmerande, gult gardstun eit stykke opp i bakkane for kommunesenteret, kjøpte dei usett. Det var ein gammal slektsgard utan odel, ustelt og overgrodd. Og det var himla mykje arbeid.

– Men det var den flottaste plassen ever. Eg er nesten like forelska i plassen som i mannen!

I følgje den same mannen er Mona ein slik mennesketype som aldri vert slått ut mens det står på. — Medan eg låg med høg feber det meste av ferien, var det Mona som køyrde medan ho prata i telefon, heile vegen. Ho vert sjuk først når det er ferie for alvor. Resten av tida har ikkje systemet hennar tid til slikt, meiner Tor. Medan vi pratar studerer vi bokhylla i huset. Ualfabetisert. — Mona er eit ekstremt organisatorisk talent, seier han. — Det er mi bokhylle. Dessutan er ho fryktlaus for autoritetar. Som 16-åring var ho fotballdommar, som ei av dei første jentene i Bergensområdet. For fem år eldre gutar. Folk ser ein naturleg autoritet i henne som kan brukast, meiner han.

Har bestemt seg for 2011
Skal vi tru Mona, var det ikkje planlagt å engasjere seg i Venstre. — Eg stemte Venstre, men tenkte ikkje å engasjere meg politisk. Eg var fotballtrenar og hadde nok å halde fingrane i, fortel ho. Gjennom svigerforeldra kjende ho og Tor Lars Sponheim, som var kjømeister i bryllaupet deira. Og det tok ikkje lang tid før ho i 1995 vart spurt om å stille på Venstre-lista ettersom det var mangel på kvinner. Slik kvoterte ho ut ektemannen, som allereie hadde meldt interesse for listeplass.

I 1995 gjorde Terje Breivik eit brakval som listetopp og hamna i ordførarstolen. Mona vart gruppeleiar. — Eg har som innstilling at dersom eg først skal gjere ein jobb, skal eg gjere det skikkeleg. Ulvik var ein litan, oversiktleg kommune med bra økonomi. Det gav handlingsrom, ein kunne sjå resultata, og det var kjekt å arbeide, seier Mona. I 1999 endra Ap profil og gjorde det vanskelegare for Venstre å styre. I 2003 var Mona lei. Ho ville ikkje stå på lista i det heile tatt, og ville ta farvel med politikken.

Historia ville det annleis. I 2007 fann ho ut at det var gode sjansar til å gjere eit godt val dersom ho og Ulvik Venstre gjekk inn for det. Og i dag er ho ordførar. — Eg har nett sagt ja til attval i 2011. Det var ingen enkel prosess, og det var ikkje lettare med det peset som kom i sommar. Men eg trur det er rett. Eg har også takka ja til å stå til disposisjon for fylket. Fleire ordførarar burde gå inn i begge desse rollene. Det er mange koplingar, og ein får viktige perspektiv inn i fylkespolitikken.

Ja-saker i heile landet
Tor meiner — mellom oss — at dette betyr at ho ser potensialet for å få utretta noko. – Ho kjem neppe tilbake med stakk og fletter for å drive småskala landbruk, sjølv om det var meininga ein gong i tida.

– Eg er opptatt av at Venstre skal være et parti for hele landet. Vi har i realiteten ein politikk i dag som passar distrikta godt. Vi har ein knallgod landbrukspolitikk, og veldig mykje god politikk på andre område som også passer for fleire enn dei store byane. For meg, særleg med min bakgrunn i ein liten kommune, er det viktig å formidle denne delen av Venstre. Alternativet mange stader er Senterpartiet, og då vert det bråstopp.

Mona vil ha enno sterkare fokus på ja-saker. — Vi kan ikkje berre vere imot alt. Det er viktige grep vi gjer dersom vi til dømes klarer å løfte fram sjøkabel som eit godt og nyvinnande alternativ, framfor å berre vere motstandarar av master. Eg trur vi har ein jobb å gjere både nasjonalt og lokalt i å leite fram dei gode lokale ja-sakene. For tida er vi eit lite parti, men det er ingen grunn til å vere noko anna enn stolte av oss sjølve, av ideologien vår og alt vi står for. Det vil vere eit viktig konkurransefortrinn i valkampen, meiner Mona.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**