Venstreskulen 1 Utne 13. november

Laurdag 13. november arrangerast Venstreskulen trinn 1 for medlemmer i Hardanger/Voss-regionen.
Staden vert Utne og kursleiar er Terje Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Rune Kongsro

Venstreskulen trinn 1 er eit fire timers introduksjonskurs til Venstre.
Målgruppa for kurset er nye medlemmer og medlemmer som vil bli aktive. Kurset tar føre seg Venstres historie, organisasjon, ideologien, dei viktigaste politisk sakene, politisk påverknad og Venstre på nett.

Møtestart: 10:30
Det går ferje frå Kvanndal kl. 10:00 og frå Kinsarvik kl. 09:30

Lokale for dagen vert Gamle Posten på Utne. Dette ligg berre 35-40 meter frå ferjekaien på Utne i retning Hardanger Folkemuseum.

Tilbake går det ferje frå Utne kl. 15.05 til Kinsarvik og kl. 15.30 til Kvanndal

Påmelding og spørsmål rettast til fylkessekretær Gro Gjelsvik, [email protected], 55 55 30 60

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**