Ingebjørg Undheim føreslått inn i fylkespolitikken

I nominasjonskomiteen sitt forslag til fylkestingsliste er Ingebjørg Undheim frå Bryne føreslått på niande plass på lista for Venstre. Undheim er i dag i sin andre periode i kommunestyret til Time kommune. Ho har dei siste åra utmerka seg i partiet og engasjementet hennes har vist igjen også utanfor heimkommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Ingebjørg Kjellesvik Undheim

Foto: HSL

Ingebjørg arbeidar i dag som tolloverinspektør ved Stavanger tolldistrikt. Ho er opptatt av kompetanseheving av lærarane, godt jordvern, betre kollektivtrafikk og hyppigare avgangar langs Jærbanen.

Undheim har dei siste åra vært med i styret til Rogaland Venstre. Ho gledar seg over at ho nå får ein større sjanse til å prøva seg i fylkespolitikken framover. Ho er allereie no klar for å starta valkamp for Venstre. — Venstre har framtidas løysingar på dagens problem. Det blir spennande å få vera med på denne viktige politiske arenaen, seier Undheim.

Heile den føreslåtte lista finner du her:
https://www.venstre.no/rogaland/artikkel/29618/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**