Vegard Floa føreslått inn i fylkespolitikken

I nominasjonskomiteen sitt forslag til fylkestingsliste er Vegard Floa frå Sauda føreslått på sjuande plass på lista for Venstre. Floa har vore leiar i Sauda Venstre sidan 2004 og sitter i dag i kommunestyret i Sauda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Vegard Floa

Foto: Tore Nilsen

Floa arbeidar i dag som saksbehandler i NAV Forvaltning Sauda. Han er opptatt av lokaldemokratiets vilkår og at politikarane skal vera veljarane sitt ombod i og utanfor kommunen.

Floa gledar seg over at han får sjansen til også å prøva seg i fylkespolitikken framover. Han er allereie no klar for å starta valkamp for Venstre. — Venstre har framtidas løysingar på dagens problem. Det blir spennande å få vera med på denne viktige politiske arenaen. Det er ufatteleg gøy å få vera så sentral i neste valkamp for Noregs liberale parti, seier Floa.

Heile den føreslåtte lista finner du her:
https://www.venstre.no/rogaland/artikkel/29618/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**