Vegard Floa er på fylkeslista

Rogaland Venstre hadde laurdag sitt nominasjonsmøte for fylkestingslista til valet i 2011. Vegard Floa frå Sauda blei samrøystes valt til å stå på sjuandeplass på lista. Floa har vore leiar i Sauda Venstre sidan 2004 og sitt i dag i kommunestyret i Sauda. Han har dei siste åra utmerka seg i partiet og engasjementet hans har vist igjen også utanfor heimkommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Vegard Floa

Foto: Kjartan Alexander Lunde

— Vegard er en dyktig og røynd politikar. Han har markert seg godt dei siste åra. Han vil visa igjen på fylkestinget, sa May Britt Vihovde, leiar av nominasjonskomiteen då ho presenterte lista til nominasjonsmøtet.

Floa ser no fram til å ta fatt på fleire utfordringar og arbeidsoppgåver i politikken. — Eg er veldig audmjuk over å få lov til å verta så sentral i neste valkamp for Noregs liberale parti, seier Floa.

— Venstre har framtidas løysingar på dagens utfordringar. Rogaland treng eit sterkt og aktivt Venstre, seier Floa.

Floa arbeidar i dag som sakshandsamar i NAV Forvaltning Sauda. Han er oppteken av lokaldemokratiets vilkår og at politikarane skal vera veljarane sitt ombod i og utanfor kommunen.

Se resten av lista

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**