Undheim med på fylkeslista

Rogaland Venstre hadde laurdag sitt nominasjonsmøte for fylkestingslista til valet i 2011. Ingebjørg Undheim frå Bryne blei samrøystes vald til å stå på niandeplass på lista. Undheim er i dag i sin andre periode i kommunestyret til Time kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Ingebjørg Undheim

Foto: Kjartan Alexander Lunde

— Ingebjørg er ein dyktig og røynd politikar. Ho har markert seg godt dei siste åra. Ho vil visa igjen i fylkespolitikken, sa May Britt Vihovde, leiar av nominasjonskomiteen då ho presenterte lista til nominasjonsmøtet.

Undheim ser no fram til å ta fatt på fleire utfordringar og arbeidsoppgåver i politikken. — Eg er veldig audmjuk over å få lov til å verta så sentral i neste valkamp for Noregs liberale parti, seier Undheim.

— Venstre har framtidas løysingar på dagens utfordringar. Rogaland treng eit sterkt og aktivt Venstre, seier Undheim.

Ingebjørg arbeidar i dag som tolloverinspektør ved Stavanger tolldistrikt. Ho er opptatt av kompetanseheving av lærarane, godt jordvern, betre kollektivtrafikk og hyppigare avgangar langs Jærbanen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**