Vallister 2011

Lokaldemokratiet treng deg!
Skodje Venstre brenn for lokaldemokratiet — og ønskjer å vere ombod for folket i Skodje.
For at folkestyret skal vere reelt treng vi at mange engasjerer seg — ikkje berre på valdagen 12. september — men også no når vallistene skal setjast opp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Den komande kommunestyreperioden byr på mange utfordringar — og som alltid er det for framtida vi planlegg. Då treng vi at vallistene inneheld kandidatar som speglar folket i Skodje. Du kan vere med å påverke korleis vallista skal sjå ut — og kven som vert valde den 12. september.

Skodje Venstre vil at alle med røysterett skal få vere med — kom gjerne med tips på kandidatar som vi kan spørje. Kanskje stemmer du Venstre eller tenkjer at det er eit alternativ? Eller har du tenkt at no er tida inne for å engasjere seg i politikken, men ingen har spurt om du vil stå på valliste? Skodje Venstre spør deg her og no — ta kontakt med oss om du tek utfordringa!

Skodje Venstre vil saman med listekandidatane utarbeide valprogrammet med dei sentrale sakene vi ser som viktige å arbeide med i perioden 2012-2015. På denne måten kan du vere med å forme framtida for kommunen.

Om du ikkje vil stå på liste, er du like velkomen til å vere med på laget. Vi treng engasjerte i alle aldrar til å løfte fram Venstre sine hjartesaker: Miljø — Velferd — Kunnskap og Småbedrifter. Venstre vil at vi skal ha fridom til eigne val og ansvar for eige liv. Eit viktig nøkkelord er: meir til den som treng det mest.

Treng du meir informasjon, finn du oss på www. skodje.www.venstre.no

Seier du JA til eit levande folkestyre, er Venstre alternativet for deg!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**