TORE TURØY

Tore er 7. kandidat for Venstre til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Tore Turøy

Foto: ukjent

Eg heiter Tore Turøy, er 59 år, sambuar gjennom 28 år og har tre vaksne born. Bur på Bildøy i Fjell kommune.

Som politisk erfaring har eg ein periode i Fjell kommunestyre. I denne perioden har eg også vore fast medlem i Formannskapet og Komité for finans og forvaltning.

Eg har opplevd at det har vore interessant å delta i politikken og vere med og påverka utviklinga i kommunen og i regionen. Kan opplyse om at bortsett frå eitt møte i formannskapet, har eg møtt på alle møte eg har fått innkalling til i perioden.

Er utdanna bygningsingeniør og har sidan 1972, stort sett jobba innanfor bygningsbransjen. Også innanfor brubygging som i overført tyding også er viktig i politikken.

Den saka eg brenn mest for er ei stor satsing på kollektive transportløysingar for Bergen og dei kringliggjande kommunane. Etter mi m eining er det den framtidige løysninga både på dei trafikale og dei miljømessige problem som regionen står ovanfor. Buss/bybane til alle når dei treng det, må vere eit motto.

I tillegg vil eg nemne at eit nytt samband mellom søre Sotra over til Fana/Flesland er den store fanesaka til Venstre i Fjell. Der vil vi sjølvsagt også ha gode kollektivløysningar som er eit ansvar for fylkeskommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**