Kommentar : HMS – viktig også i Gjesdal kommune

Ikkje så reint få av oss 10 000 gjesdalbuar har arbeidet sitt i oljenæringa. Det kan være i oljeselskap, i bore/brønnselskap eller i leverandørindustrien. HMS ligg i ryggmargen — det skal gjerast ein jobb utan at det oppstår skade på menneske, utstyr og miljø. Utviklinga har gått rett veg. Har ein ikkje gode, dokumenterte rutiner for HMS-styring så finst det berre to alternativ: få dette på plass eller stå utanfor bransjen. HMS er for lengst etablert som sjølvstendig fagfelt. Ytre miljø, teknisk sikkerhet og arbeidsmiljø er hovuddisiplinane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Har Gjesdal kommune noko å lære av oljenæringa på punktet HMS? Gjesdal Venstre fekk i haust kommunestyret si støtte til at administrasjonen skulle legge fram ei sak om organisering av HMS-arbeidet. Saksrapporten er no lagt fram for politisk behandling.

Kva viser rapporten? Den fortel for det første at HMS-ansvaret er delegert ut og følgjer linja. Som tilsett i Gjesdal kommune har du dermed eit personleg ansvar for HMS-kvalitet i arbeidet ditt. Men det er leiaren din som skal setje deg og avdelinga di i stand til å kunne gjere dette. Det betyr informasjon, kompetanse og rutiner for HMS-læring. Det betyr eit soleklart leiaransvar for å kartlegge og identifisere uheldige trendar. Det betyr å gjere noko med arbeidsoperasjonar og arbeidsoppgåver som over tid viser for mange HMS-avvik. Den øverste kommuneleiinga har eit ansvar for å finne og analysere dei bakanforliggande årsakene og sette inn ressursar og tiltak for å gjere ting betre i framtida.

Skjer dette i dag? Truleg ikkje i god nok grad. Den formelle organiseringa av HMS-arbeidet er teknisk sett på plass. Organiseringa er innretta slik at ein får ’bestått’ karakter på Gjesdal kommune sine eigne systemrevisjonar. Noko anna ville være oppsiktsvekkande. Men systemarbeidet og læringa er vanskeleg å få auge på. Det er heller ingen HMS-leiar som kan ta faglege initiativ og ta det objektive perspektivet i kompliserte saker.

Dei eksterne tilsynsmyndighetene kjem til Gjesdal av og til. Det er imidlertid sjeldan at tilsynsmyndighetene tek dei tilsette sitt perspektiv. Fokuset er i staden mot brukarsida. Ein er oppteken av å måle kvaliteten på tenestene som blir produsert. I mindre grad blir oppnådde HMS-resultat kontrollerte.

HMS-avviksregistrering foregår enno med papirskjema i Gjesdal kommune. Dei fleste vil være einige i at dette ikkje er tidsmessig i 2011. Det finst i dag på marknaden ei rekkje IT-baserte HMS styringssystem. Desse kommuniserer med andre administrative dataverktøy. Slike hjelpemiddel mogeleggjer effektiv sakshandsaming. Framfor alt sparer det tid og ressursar.

Kva gjer Gjesdal med HMS frå no av? Rådmannen si tilråding er å fortsette dagens praksis. Gjesdal Venstre er ikkje einig. Vi meiner at helse, miljø og sikkerhet skal ha like høg prioritet i ein kommune som i eit oljeselskap.

Kommunestyret har eit arbeidsgjevaransvar for alle dei 700 tilsette i Gjesdal kommune. Politikarar og administrasjon bør ha ein felles ambisjon om at kommunen vår skal bli ein foregangskommune på HMS-området. Difor er vi i Venstre opne for konstruktive innspel og idear frå medpolitikarar, innbyggjarar og kommunetilsette om vegen vidare. Det trengs ikkje alltid dei store ekstra ressursane for å oppnå klar framgang.

Knut Inge Andersen
Gruppeleiar Gjesdal Venstre

(Lesarinnlegg i Gjesdalbuen 18.mars 2011)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**