“Båtbuss”-passasjerane finst

Venstre etterlyser ei skikkeleg reisevaneundersøking som inkluderer kollektivreiser med båt. Fylkeskommunen må foreta ei grundig reisevaneundersøking på dette som Venstre trur vil få fram at mange vil nytte båtbussar, om tilhøva ligg til rette for det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alf Helge m/logo

Foto: Tor Blaha

Vilkåra for undersøkinga er vesentleg. Vi meiner båtbuss frå Nordhordland krev korresponderande rutebussar og parkeringshus i Knarvik, og at dette må vere premiss for undersøkinga.

Rolf Nesheim

Foto: Marta Kvikne

Me slår oss ikkje til ro med at administrasjonen "antar" at det ikkje er marknad for båtpassasjertrafikk frå Nordhordland til Bergen. Tvert om så viste rapporten "kollektivmelding for Hordaland" frå 2010 at passasjertalet på dei få rutene som er i Bergensområdet var stigande, fortset han. Å berre avfeie båtbussar med at dei som har konsesjon i dag ikkje tar sjansen er for passivt. Kjem det ein søknad om offentlege tilskot må fylkespolitikarane vurdere denne.

Alf Helge Greaker, 2. kandidat til fylkestinget
Rolf Nesheim, 5. kandidat til fylkestinget

INNLEGGET STO PÅ TRYKK I NORDHORDLAND 23. MARS

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**