Gjesdal Venstre- eit blokkuavhengig sentrumsalternativ

Gjesdal Venstre har drøfta alternative løysingar for samarbeid med dei to hovedblokkene i Gjesdalpolitikken fram mot kommunevalet. Nå har vi konkludert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Gjesdalpolitikken sine to hovedblokker består av noverande posisjon (Krf/Ap/Sp/SV) på den eine sida og H/FrP på den andre.

Gjesdal Venstre si gruppe har drøfta ulike alternativ for mogeleg samarbeid med desse to hovedblokkene. Konklusjonen er:

Gjesdal Venstre går inn i den kommande valkampen som eit blokk-uavhengig sentrumsalternativ. Dette vil gje liberale veljarar i kommunen eit fritt og uavhengig alternativ som ivaretek vår integritet i sentrale Venstre-saker.

Dersom ingen av dei to hovedblokkene får reint fleirtal ved kommunevalet 2011 vil Venstre kunne delta i å bygge nye fleirtalskonstellasjonar i Gjesdal med utgangspunkt i det politiske sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**