Eit offensivt Venstre framfor kommunevalet i Voss!

Leiaren i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, er stolt over vallista som no er levert inn for registrering. Lista har 36 namn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


– Listekandidatane har ulik yrkesbakgrunn og stor spreiing i alder. Yngste er 18 år, og me har ein god del representantar under 40 år. Samstundes ligg det an til å bli kontinuitet i gruppa, og det er me svært glade for. Øvst har me som ordførarkandidat ein senior, Torstein Gunnarson, velkjent frå ulike aktivitetar i bygda og som lokalpolitikar siste perioden. Eg er nr 2 på lista, og i andre aldersenden med gjerrige 25 vintrar på baken. Nr. 3 og 4 på lista er Anne-Jorunn Ryum Møen og Rolf Abrahamsen.

Teamleder

Foto: freedigitalphotos.net

Dei fire øvste er altså dei same som ved lokalvalet i 2007. Abrahamsen, Gunnarson og Nestås har representert Venstre i kommunestyret den siste perioden, medan Møen har vore Venstres representant i Miljø- og Kulturutvalet.

Jamvel om Venstre høyrer til dei mindre partia i kommunestyret i Voss, meiner Nestås at partiet i Torstein Gunnarson har ein svært sterkt kandidat til ordførarvervet.

– Gunnarson er ein aktiv politikar, som har markert seg med stor innsikt i eit breitt felt av saker, med spørsmål, framlegg og debattinnlegg. Dersom tendensen frå lokalmålinga sist haust med framgang for høgresida held fram, bør Gunnarson vera ein god kompromisskandidat. Ja, denne målinga viste også god framgang for oss i Venstre(10,9 % mot 7,8 % ved valet i 2007)!

Venstres alternative statsbudsjett 2009, Tenden, Sponheim

Foto: Steinar Haugsvær

– Som eit borgarleg parti i sentrum, har me gode moglegheiter til å samarbeide med fleire parti. Det som er viktig for Venstre, er fyrst og fremst å få gjennomslag for borgarleg og liberal politikk.

– Kva saker er det som skal bidra til framgang for Venstre ved valet?

– Venstre er kjent som eit parti med sterk vekt på miljø, kultur, skule og småbedrifter/næringsutvikling, vidare opne rom i forvaltning og politikk, og klare liner om inhabilitet. Saker som å lette etableringa for gründarar og vidare vern av m. a Raundalselva er jo konkrete saker Venstre har vore – og er – opptekne av sidan sist lokalval, seier Nestås vidare, og meinar dette spennet, mellom naturvern og verdiskaping, syner noko av Venstres styrke som eit borgarleg og liberalt sentrumsparti.

Elv

Foto: stock.xchng

– Kan òg nemna at Gunnarson er medlem i kontaktforumet med næringslivet. Og ikkje minst er Venstre opptatt av at saksbehandling m.v. skal gje politikarane betre høve til å "setja dagsorden". Her har Gunnarson vore medlem i arbeidsgruppa som har lagt fram mange forslag.

– For at fleire i kommunestyret blir engasjerte i utviklinga av bygda, bør m.a. verva som leiar og nestleiar i hovudutvala fordelast på både fleirtals- og mindretalsgruppering, dvs. at det må bli ein slutt på praksisen med at fleirtalsgruppa har begge!

— At Venstre sentralt arbeider sterkt for mindre statleg detaljstyring, dvs. at kommunane skal avgjera i større grad, bør også vera ei god valkampsak. Og til sist, det er viktig at Voss kommune får ein stabil og god kommuneøkonomi!

Sparegris

Foto: Microsoft Clipart

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**