Meir tillit til lærarane

Sidan den raudgrøne regjeringa overtok kunnskapsdepartementet har norske lærarar og rektorar motteke 148 nye forskrifter, lovendringar og rundskriv på korleis dei skal leggje opp undervisninga si. Det svarer til eit rundskriv eller pålegg annakvar veke i seks år. Det er nok no, Kristin Halvorsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Bjørnar Hamre

Foto: Ukjent

Regjeringa har sjølv hatt som mål å auke tida lærarane underviser elevane, samtidig som kunnskapsdepartementet druknar lærarane i nye rundskriv og pålegg, som lærarane ikkje har kapasitet til å følgje opp. Åtte av ti lektorar meinar krava til dokumentasjon og rapportering går ut over undervisninga og kvaliteten i skulen. Tid som elles kunne ha blitt brukt til følgje betre opp kvar einskild elev blir no brukt i eit unødvendig stort skjemavelde.

Venstres landsmøte vedtok i helga å etablera eit breitt samansett regelråd med sikte på å redusera byråkratiet i skulen. Landsmøtet vedtok også eit mål om ei forenkling av læreplanverket, for å gjere kompetansemåla meir målbare. Vi må ha tru på at den einskilde lærar, rektor og skule veit best korleis læringa skal leggjast opp for å nå kompetansemåla.

Lærarar må få reell pedagogisk fridom til å styre over si eiga undervisning. Den einskilde lærar veit betre kva som fungerer for seg og sine elevar enn ein statssekretær i regjeringskvartala, og difor må dei også få fridom til å sjølv leggje opp undervisninga si. Det inneber mellom anna at dei får høve til å velje kva læreverk dei ønskjer å nytta innanfor breie læringsmål, og det inneber ein fridom til å undervisa elevane slik dei meinar det passer dei og elevane best.

Bjørnar Hamre, Venstre sin ungdomskandidat til fylkestinget
Sindre Horn, leiar Hordaland Unge Venstre

INNLEGGET STO PÅ TRYKK I NORDHORDLAND 13. APRIL

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**