Er det plass for regionale høgskuleutdanningar?

Dette er eit spørsmål som Venstre sin førstekandiat på fylkestinglista, Mona Hellesnes,
ønskjer å få nærmare orientering om i eit besøk på Voss fredag 6. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ole Bull Akademiet og Vestnorsk kulturakademi har begge utdanningstilbod på høgskule-/universitetsnivå. Særmerket for utdanninga innan musikk ved OBA og td. bygningsvern og tekstilfag ved kulturakademiet er at den i stor grad skjer ved kunnskapsoverlevering frå tradisjonsberarar. OBA synest å ha etablert seg nokolunde økonomisk, men Kulturakademiet slit. Fylkeskommunen spelar i begge høve ein viktig rolle.

Siste del av besøket går til Voss Gymnas for å bli nærmare kjent med oppgåver og utfordringar innan vidaregåande skular, som jo er ei hovudoppgåve for fylkeskommunen.

Som medlem av fylkestinget frå hausten av ønskjer Mona Hellesnes å vera godt rusta for det arbeidsfeltet ho her vil møta.

Mona Hellesnes

Foto: Facebook

Besøket er også ein del av Venstres landsomfattande kunnskapskampanje der besøk i skular, bibliotek og høgre utdanningsinstitusjonar står sentralt ein månads tid framover.

Mona Hellesnes er som kjent ordførar i Ulvik, frontfigur i striden om monstermastene og er elles medlem i Venstres sentralstyre.

Tidsplan:
– 10.30: Ole Bull Akademiet: Rektor Gunnar Stubseid
– 12.00: Tre Brør kafe; lunsj
– 12.45: Vestnorsk kulturakademi: Dagleg leiar Sigrid Gjelland
– 13.40: Voss Gymnas. Ass. rektor Hans-Erik Ringkjøp.
(- 15.00: Ope møte Tre Brør kafe).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**