Klar til valkamp!

Sogn og Fjordane Venstre har gleda av å invitere til fjerde og siste samling av lokalpolitisk nettverk. Samlinga vert arrangert i samarbeid med Hordaland Venstre. Dato er sett til 28.-29. mai på Thon Hotel Bergen Airport, Kokstad. Tema for denne samlinga er: Klar til valkamp! Deltakarane frå Sogn og Fjordane startar med lunsj kl. 12.00 den 28. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

lokalpolitisk verksted

lokalpolitisk verksted
Foto: Ragnhild Helseth

Målgruppe for samlinga er førstekandidatar, “5 på topp” fylkeslista, evt. lokallagsleiarar og valkampansvarlege. Kan ikkje førstekandidaten denne helga, må de prøve neste på lista!

Lokalpolitisk nettverk er ein heilt sentral møteplass i forkant av lokalvalet, og målsetjinga denne gongen er at ALLE lokallag som stiller liste er representert.

Formålet med dette skuleringsopplegget er mellom anna å sikre at listetoppane er trygge på vår eigen politikk, at dei er meir synlige, og å sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet i lokallaget og i gjennomføringa av valkampen.

Førebels til program LPN — Hordaland /S&Fj

Laurdag

Kl. 12.00 Lunsj

Kl. 13.00 Velkommen

Kl. 13.15 Innleiingar/debatt

Mona Hellesnes — Miljø og regional næringspolitikk
Aleksander Åsnes — Skule- og kunnskapspolitikk
Alf Helge Greaker — Kollektivtransport og samferdsle

Kl. 15.45 Kaffepause

Kl. 16.00 "Basetrening"/Skulering

Gruppeleiarane innleier først 15 min kvar i plenum – deltakarane deler seg så i fire grupper og rullerer, sjå nedanfor

Kl. 19.30 Møteslutt

Kl. 20.00 Middag

Sundag

Kl. 09.00 Innleiingar/debatt

Anne-Beth Njærheim — Samferdsle i eit distriktsperspektiv
Alfred Bjørlo — Regional utvikling

Kl. 10.45 Kaffipause

Kl. 11.00 Informasjon frå valkamputvalet og VHO

Kl. 12.15 Skulering
– bruk av Venstre+
– forhandlingar etter valet mm.

Kl. 13.30 Lunsj og avslutting

Frå VHO møter Steinar Haugsvær og Ola Elvestuen

Basetrening/Skulering

· Husbesøk/Stand — Gunn Vivian Eide og Erlend Horn
· Debattrening — Erlend Sand
· Innlegg / pressemeldingar — Alf Helge/Steinar Haugsvær
· "Grilling" av kandidatar — Harald Queseth?

Fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Hordaland ønskjer vel møtt til to lærerike dagar med tema: Klar til valkamp!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**