Vil ha nytt helseføretak

Tysdag er det møte i fylkesutvalet i Hordaland i Eidfjord. Der vil Venstre føreslå at fylkestinget skal sjå nærare på skipinga av eit nytt helseføretak — “Helse Hordaland”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Harald Hove portrett

Foto: Kari Ø. Toft

– Me har tatt dei signala som er komen frå til dømes Stord og Odda på alvor, og vil fremja eit framlegg om at fylkestinget skal sjå nærare på om det ikkje går an å skipa eit nytt helseføretak som tar betre vare på dei behova sjukehusa på Stord og i Odda har — eit "Helse Hordaland" om du vil, seier Harald Hove, som er gruppeleiar for Venstre på fylkestinget.

Hove vonar at han får med seg fleire parti på framlegget på tysdag.

Les om saka på nettsidane til Sunnhordland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**