Marianne med plass på tinget

Venstre hadde god framgang på siste valmåling som Sentio Research hadde utarbeidd for på oppdrag frå Sogn Avis, Firda og Firdaposten. Partibarometeret fortel at Venstre er partiet som har auka oppslutnaden mest sidan målinga for tre månader sidan. 9,3 prosent av dei spurde seier at dei ville ha nytta røystesetelen til Venstre no, ein framgang på 3,5 prosentpoeng samanlikna med målinga i byrjinga av mars i år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marianne Øren

Marianne Øren

Dersom tendensen frå dagens måling held seg, vil vi auka talet på fylkestinget til fire plassar i neste periode. Noko som i sin tur betyr at Marianne Øren frå Lærdal ville få plass i fylkestinget.

Sogn Avis har spurt Marianne Øren om kvifor partiet i løpet av snaue tre månader aukar oppslutnaden sin med rundt rekna 50 prosent, Marianne trur at mellom anna sjukehussaka er ei mogleg forklaring. – Eg trur nok at måten sjukehussaka har vore handtert på, har gjeve Venstre vinst hjå veljarane, seier ho. — Elles trur eg nok at både nominasjonsarbeidet vårt, og at veljarane har fått augo opp for politikken til Venstre, er dei beste forklaringane på framgangen vår, seier 4. kandidaten vår Marianne Øren.

Fylkessekretær Linda Ness Rotihaug og Marit Barsnes Krogsæter

Fylkessekretær Linda Ness Rotihaug og Marit Barsnes Krogsæter

1. kandidat Marit Barsnes Krogsæter og fylkespartisekretær Linda Ness Rotihaug er samd i Marianne si forklaring, og ser i tillegg ein klar tendens til at valmålinga gjenspeilar den store medlemsveksten til Venstre i fylket også. – Venstre på landsbasis har hatt enorm medlemsauke over heile landet etter valdagen i 2009. Her i Sogn og Fjordane har medlemsauken også auka frå 2009, men vi ser ein enorm auke frå januar og fram til no, avsluttar fylkesspartisekretæren. Toppkandidaten Barsnes Krogsæter ser fram til ein spennande og god valkamp for partiet.

Les avisoppslaget i Sogn Avis her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**