Årsmelding og tilstandsrapport for vidaregåande opplæring

– For eit fylkestingsmedlem som ikkje sit i hovudutval for opplæring gir årsmeldinga som vart lagt fram for fylkestinget i juni ei god og fyldig gjennomgang av dei vidaregåande skulane og tilhøva på dei, starta Marta Kvikne sitt innlegg til saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marta Kvikne

Marta Kvikne

Noko som vi i Venstre saknar, er ei vurdering av korleis ordninga med PC-ar til alle elevane har fungert.
— Er elevane nøgde med bruk av PC i staden for skulebøker?
— Korleis er det med kontrollen av bruken, for eksempel under heildagsprøvar og andre prøvar?
— Korleis er sikkerheita til elevane for at prøvar, heildagsprøvar og eksamenar verkeleg er leverte, og ikkje forsvinn ut i det store syberspace?
— Kva er grunnen til at nokre vidaregåande skular har gått tilbake til bruk av bøker framfor PC?

Eit anna viktig punkt er forholdet til det lokale næringslivet. Særleg for dei yrkesfaglege studieretningane er det viktig med god tilgang på lærlinge- og praksisplassar. Det er også viktig at det lokale næringslivet ser seg tent med å bruka dei vidaregåande skulane i si kompetanseheving. Studietilbodet på dei vidaregåande skulane må reflektera næringslivet i omkringliggande område. Ikkje minst er dette viktig å ha med seg i dei vanskelege valga fylkespolitikarane må gjera i forhold til undervisningstilbod og skulestruktur dei neste 10 åra.

Gjennom satsinga på elevbedrifter og entrepenørskap i skulen syner ein elevane at det er mogleg å skapa sine eigne bedrifter, det er råd å skapa si eiga framtid i heimfylket. Det er mange døme på elevbedrifter som seinare har blitt suksessfyllte bedrifter. For Venstre er entrepenørskap i skule neit viktig satsingsområde.

Det er positivt at det for 2010 er budsjettert med open skule og leksehjelp. Me har framleis mange hybelbuarar, og for mange er det ein stor overgang å flytta for seg sjølve. Open skule og leksehjelp er ei støtte til dei som brukar det, og for mange er den med på å gjera trivnad og skulesituasjon betre. Det er ei viktig ordning, og det er viktig at den fungerer godt på alle skulane.

Dei vidaregåande skulane og lærlingeordninga er eit viktig springbrett vidare for ungdomane våre, ei god vidaregåande opplæringering er med på å gjera fylket vårt til ein attraktiv plass å bu. Me veit at me står framfor store utfordringar i åra som kjem med omsyn til mellom anna synkande elevtal. Utfordringa må bli at me får ei like god eller kanskje endå betre vidaregåande opplæring og lærlingeordning som i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**