Tenk trafikktrygging for små og store no!

Det blir endeleg bygd nye skular på Sula. Dei er godt planlagde og ser flotte ut. Det som kanskje ikkje er så godt planlagt, er korleis elevane skal kome seg trygt til og frå skulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I Langevåg vil alle elevane i barneskulen få ny skuleveg. Mange nye elevar må krysse hovudvegen, mange små born vil gå og sykle langs vegar der det ikkje har gått barneskuleelevar før.

Det tar lang tid å få gjennomført gode trafikktryggingstiltak. Vegvesenet har lang behandlingstid og det gjeld å vere tidleg ute. I god tid – før skulestart på den nye skulen. For å gjere kryssingar tryggast muleg, bør det vere opphøgd gangfelt, låg fartsgrense, kanskje midtrabatt eller innsnevring av vegen. Lyskryss vil også vere nødvendig enkelte stader.

Det bør vere trygge fortau, oversiktelege og godt opplyste overgangar på alle vegar som fører til skulane. Har det vore ein gjennomgang for å sikre dette? Ein bør unngå dei feila som er gjort ved t.d. Solevåg skule; at ein bygger ein ny veg til skulen utan fortau! Det er vanskeleg å forstå grunngjevinga for å gjere dette, barna går den kortaste vegen uansett, om der er fortau eller ikkje. Derfor er det så viktig å sjå "med eit barns blikk" når ein går gjennom vegane/transportetappene til dei nye skulene.

Det er fleire farlege kryssingar av riksvegar i kommunen. Furneskrysset (der du tar av frå Mauseivåg i retning Ålesund eller Sulesund) er eit eksempel på eit av vegkryssa som er farlege, òg for køyrande, men ikkje minst for gåande og syklande. På Sunde verkar riksvegen som eit fysisk skilje i bygda. Her er det så stor trafikk og veldig uoversiktleg, at barn ikkje bør krysse denne
vegen åleine før dei er ganske store.

Dessverre er dette skulevegen til nokre barn allereie.

Det kan sjå ut som om enkelte i kommunen meiner at ein veg gjennom Veddemarka og ein flott Borgundfjordtunnel vil løyse problema knytte til farlege kryssingar av hovudvegen. Men vi meiner det er uansvarleg å utsetje trafikktrygginga til eit prestisjeprosjekt som kanskje blir realisert om ti-femten år. Venstre vil ha, og ønsker å tenke over trafikktrygging no!

Stine Lerheim
Kjersti Finholt
Sula Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**