Trine Skei Grande til Førde

I samband med ferien sin vil Venstre-leiar Trine Skei Grande besøke Sogn og Fjordane på ein aldri så liten sommarturné 20.-25. juli. Ho kjem til Førde torsdagkveld og vert med på stand i sentrum fredag førmiddag. Sogn og Fjordane Venstre har lagt opp reiserute, og vil gje Skei Grande ein liten smakebit av kva fylket har å by.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trine Skei Grande på talerstolen under Venstres Landsstyremøte i Oslo 6. mars 2010.

Trine Skei Grande på talerstolen under Venstres Landsstyremøte i Oslo 6. mars 2010.
Foto: Daniel Rugaas

Trine kjem torsdag kveld etter ein dag i Askvoll og Naustdal. Lokallaga i Sunnfjord er invitert til sommarfest på Rica Sunnfjord Hotell kl. 19.30 og fredag ca kl. 11 vert ho saman med Førde Venstre på stand i sentrum.

Her er heile reiseopplegget til Venstre-leiaren når ho er på besøk i Sogn og Fjordane:

Onsdag 20 juli.

kl. 10.35 Fly frå Gardemoen til Florø
11.45: Flyet kommer
12.00: Lunsj, Hjørnevikhagen
Å ta vare på gamle miljø v/Malvin Horne.
13.30: Besøke Kinn Bryggeri
14.30: Båttur med Harald
15.30: Besøk Mercatus
16.30: Besøk hos Jan Arve (m/servering av snitter)
20.00: Folkemøte, Havglytt: «Skole og utdanning — prioriteringer på alle nivå»

Torsdag 21. juli

kl. 0830 Ekspressbåt frå Florø til Askvoll
Omvising Vilnes Kyrkje v/Kirsten Grane
Presentasjon av Atløy Kulturhus
Framtidig landbruk – eller ikkje?
Presentasjon av Atløysambandet.
Bedriftsbesøk Helle Knivfabrikker
Presentasjon av næringslivssatsing i Askvoll Kommune.
16.00 Allaktivitetshuset i Kvammen.
Orientering om bygdeutvikling i Førdefjorden
Orientering om rutilutvinning i Engebø, saman med Naustdal Venstre
Båtskyss til Engebø i Naustdal kommune
Bil frå Engebø til Førde med innlagde stopp.
Kl. 19.30 Sommerfest saman med lokallaga i Sunnfjord på Rica Sunnfjord Hotell.

Fredag 22. juli
11.00 – 12.00 Stand i Førde
12.30 Jølstramuseet; museum, galleri og grunderverksemd basert på kunst, innlagt matpause???
14.00 Jølster Rafting, grunderverksemd basert på naturbasert reiseliv
15.00 Øvrebø Smykkeverkstad; ung kvinneleg grunder basert på kunsthandverk
16.00 Eikaasgalleriet, utstilling av Ludvig Eikaas, kaffipause
17.30 Stardalen, kraftverk og samdriftsfjøs. Alt: Kjøsnesfjorden, Lunde Turiststasjon, Jølster Bakst
19.00 Avreise mot Anda og ferje over Nordfjorden
Malakoff- festival


Laurdag 23. juli

11.00 – 13.00 Stand i gata på Eid saman med leiar i Noregs Unge Venstre Sveinung Rotevatn og Eid Venstre.
Resten av dagen følgje konserter etter ønske (m.a. Bjørn Eidsvåg og Satyricon..)

Sundag 24.juli
ca.12.00 Reiser frå Eid til Sogndal; stopp på klimautstillinga på Bremuseet i Fjærland og eit mini kraftverk.
kl. 18.00 Møte med lokallaga i Sogn på Kulturhuset i Sogndal

Måndag 25.juli.

11. 00 -12.30 Stand på Storsenteret i Sogndal
kl.13.50 avreise frå Sogndal til Gardemoen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**