Aleksander Åsnes

Ungdomskandidat og nr. 3. på fylkestingvallista

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Aleksander Åsnes

Aleksander Åsnes

Eg heiter Aleksander Åsnes, er 21 år gamal og kjem i frå Førde. Eg studerar samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og er Sogn og Fjordane Venstre sin ungdomskandiddat til fylkestingsvalet.

Eg brenn for ei satsing på den vidaregåande skulen i fylket der ein tek hensyn til at vi treng både eit mangfald av skular, og eit breidt og variert linjetilbod. Skal Sogn og Fjordane gå i frå å vere eit nedgangsfylke til å vere eit vekstfylke, er satsing på kunnskap og skule viktig!

Eg er og oppteken av miljøet i fylket, og at miljøhensyn skal spele ei endå viktigare rolle i utbyggingssaker av alle former. Naturen er Sogn pg Fjordane sin viktigaste ressurs, og bærekraftig utvikling må bety at vi alltid tek hensyn til naturen.

Ta kontakt med meg dersom du vil vite meir om Venstre og Unge Venstre. Du kan nå meg på telefon 480 98 498 eller på e-post [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**