Fortidsminne i Vinje – lesarbrev i VTB 16.08.11

Takk til styreleiar Else M. Skau i Fortidsminneforeninga i Telemark, for konkrete spørsmål i VTB laurdag 13. august. Det gir meg, som førstekandidat på Venstre si liste i Vinje, høve til å lyfte opp ei av dei viktige sakene som er nemnt særleg i programmet vårt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Skal bygdene generelt, og Vinje spesielt, bli gode bygder å bu i, er kulturminnevernet viktig. Vinje kommune har enno ikkje ein eigen plan for kulturminnevern. Det ligg føre eit framlegg til slik plan, som del av ein heilskapleg plan for kunst og kultur. Vinje Venstre stør etablering av ein slik plan. Vi vil og arbeide for at det vert sett av ressursar til auka kompetanse i kommunen, på dette området. Dette er tiltak som kan gi Vinje kommune eit kulturminnevern i samsvar med dei statlege planane, innan 2020.

Når det er snakk om kulturminnevern, har vern av immaterielle kulturminne opna for heilt nye perspektiv. Både ord og uttrykk, ja språk i det heile, handverk og skikkar, er døme på slike kulturminne. Ikkje berre det eldgamle må med her, men og gjerne område frå nyare tid, der og skikkane til flyktningar og andre etablerte innvandrar, må reknast med.

Som svar på kva kulturminne Vinje Venstre vil verne, vil ein plan etter kvart gi hjelp til prioriteringar. I vårt program dreg me særleg fram trongen for tiltak for å verne kulturlandskapet. Ansvaret for slikt vern må ligge i eit aktivt samarbeid mellom offentlege etatar, kommune, vegvesen, og grunneigarar, men og andre interessegrupper som gjer bruk av det — turistnæring, idrottslag, historielag. Det vert det offentlege sitt ansvar å løyve pengar til tiltak.

Pengar står sentralt i alt kulturminnevern, anten det gjeld bygningar, språk eller landskap. Vinje kommune må ikkje berre dytte ansvaret over på staten, men ta ansvar sjølv, også økonomisk. Venstre er ikkje imot statlege løyvingar på området, men ser at dei ofte er innretta mot konkrete tiltak, som ikkje alltid er i samsvar med lokale planar og prioriteringar.

Else Skau spør spesielt om kyrkjene. I Vinje kommune er det seks kyrkjer, alle verneverdige med status "listeførde". Kyrkjene er gode døme på at ansvaret ligg på mange. Det er sokna som eig kyrkjene, kyrkjeleg fellesråd er forvaltar på vegne av sokna, og kommunen løyver midlar. Mitt inntrykk er at kyrkjene i Vinje er vel haldne, ikkje minst fordi dei er i aktiv bruk som gudstenestestader og kulturhus, men dei høyrer og med på tidlegare omtala verneplan, som må på plass denne valperioden.

Oscar J. Garnes,
Vinje Venstres førstekandidat ved kommunevalet 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**