Vegard Bjørnå Floa — ordførarkandidat for Sauda Venstre

Vegard Bjørnå Floa er 45 år og arbeidar som sakshandsamar i NAV Forvaltning Sauda.
Vegard er Sauda Venstres ordførarkandidat og har fleire saker han ønskjer å jobbe for i Sauda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Vegard Floa Sauda

Foto: Privat

Nokre av hjertesakene til Vegard er å kunne nytta kulturarva i ei aktiv marknadsføring av Sauda sitt særpreg.
Vidare å innføra parkeringsavgift og nytta pengane til opprusting av sentrum og vedlikehald og drift av utebassenget, samt å leggja til rette for kompetanseheving i skulen.

Ombodsrolla er en viktig del av det å være politikar og for Vegard er det viktig å ha ei open haldning i forvaltninga av kommunen og jobba for å redusera byråkratiet. Han ønskjer å trekkja inn ikkje-folkevalde representantar for å sikra brei kunnskap når ein ska ta avgjerd i lokale saker.
Det er viktig å ta vare på det særpreget Sauda har i dag med til dømes industri- og arbeidarkulturen. Vegard og Sauda Venstre vil leggja til rette for ei heilskapstenking innafor turisme og nytta kultur/idrett som næring.

Vegard ønskjer eit mangfaldig Sauda der tilhøva mellom menneske byggjer på toleranse og respekt. Derfor setter Venstre folk først! Eg har tru på Saudasamfunnet sine verdiar, og vil hente desse fram meir enn i dag.
Som ordførar i Sauda vil den viktigaste oppgåva vere å bygge eit godt omdømme og vera ein god ambassadør for Sauda. Og sist men ikkje minst må ein god ordførar væra truverdig og skape tillit.

Les meir i programmet til Sauda Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**