Auka lokalt sjølvstyre

lesarinnlegg av Aashild Halland,
Strilen 7.juli 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre ynskjer å invitere dei andre partia til ein felles front for auka lokalt sjølvstyre. Vi krev selskapsskattepengane tilbake på kommunalt nivå og at ein lokalt får større mynde til å fastsetja skatteøyre. Venstre vil også ha auka avgjerdsmynde for kommunane i arealplansaker.

Kommunane og fylkeskommunane får i dag mindre midlar til å løysa oppgåvene staten forventar at dei skal løyse enn det er behov for. Samstundes styrer staten eller deira representantar i detalj korleis lokale styresmakter skal løyse oppgåvene, eller staten har avgjerdsmynde i lokale saker.

Døma er mange. Mastesakene i Hardanger og Nordhordland blir avgjort av staten sjølv om det er kommunane sitt areal som vert disponert. Sjølv om strandsonepolitikken er litt mjuka opp står det mykje att før kommunane har den råderetten over arealet som vi meiner må til i høve målsetnadane om lokalt sjølvstyre. Fylkeskommunane burde hatt ansvaret for sjukehusa slik at vi unngjekk situasjonen med at AP seier ein ting i valkampen og gjer noko heilt anna etterpå.

Dei statlege lovnadane om å ta omsyn til lokale ynskjer og utfordringar er mange, men når det kjem til stykket gjer dei nasjonale styresmaktane nett som dei vil, jf skinnprosessen i Hardanger og endringar i sjukehustilboda kring om. Denne utviklinga er blitt verre under det raudgrøne styret.

Det er ikkje til å kome vekk frå at makt handlar mykje om pengar. Skal innbyggjarane få skikkeleg påverknad gjennom røysesetelen sin, må dei kunne røyste på politikarar med handlekraft. Lokale folkevalte må få større påverknad også på inntektssida i budsjettet. Difor må ein lokalt få høve til å fastsetje skatteøyre innafor nærare definerte råmer.

Dei raudgrøne tok i 2008 den såkalla selskapsskatten frå kommunane. Denne skatten gjorde at det var eit visst samsvar mellom kva kommunen gjorde for næringsutvikling og kor myke dei satt igjen med i kommunekassa. Slik er det ikkje lenger — no går alt i statskassa, som deler dei ut igjen utan omsyn til kor verdiskapinga faktisk skjer. Slik kan vi ikkje ha det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**