Gratis frukt og leksehjelp – eller betre lærarar?

Når budsjettane er tronge, er det viktig å prioritere rett. Leiar i Ulstein Venstre, Pål Midtsæther Grødahl utfordrar Arbeidarpartiet på kva som er viktigast; gratis frukt og leksehjelp – eller fleire og betre lærarar?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Lesarinnlegget stod på trykk i Vikebladet Vestposten torsdag 18. august 2011:

Pål Midtsæther Grødahl

Foto: Per Eide

Gratis leksehjelp og frukt — eller fleire lærarar?
Under "Smak av Ulstein" blei den første partileiardebatten i Ulsteinvik helde. På direkte spørsmål frå ein tilhøyrar, om kva som skal til for å skape ro og orden og eit godt læringsmiljø i skulen, svarte Ivar Mork frå Arbeidarpartiet at det viktigaste tiltaket er auka lærartettleik. Då er det oppsiktsvekkjande at ordet "lærar" ikkje ein gong er nemnd i partiprogrammet til Ulstein Arbeidarparti.

Ulstein Venstre mein som Venstre sentralt, at ei investering i læraren er ei investering i eleven. I Ulstein kommune har vi fleire utfordringar som krev ein ny kurs. For det første har skulebudsjettet aldri vore så lågt. For det andre har rammetimetalet gått ned i siste periode. Og ikkje minst — elevane frå Ulsteinskulane presterer under snittet på dei nasjonale prøvane.

Det er brei semde, både blant politikarar og fagfolk, om at det er et sterkt behov for å styrke arbeidet med grunnleggande ferdigheiter som lesing, skriving og regning i skolen. Ulstein Venstre trur at løysinga på mange av dei utfordringa vi har i skulen i dag, er ei offensiv satsing på læraren. Økonomien i Ulstein kommune er stram, så stram at det er viktig å gjere dei riktige tinga.

Ulstein Venstre vil i neste periode prioritere to områder. For det første ønskjer vi å heve kvaliteten på undervisninga og forbetre dei faglege resultata ved å auke timeressursane i grunnskulen. For det andre ønskjer vi å setje av ressursar til kompetansetiltak for lærarane. Fleire og meir kompetente lærarar vil gi ei betre skule.

Arbeidarpartiet har den siste perioden, saman med SV og SP, hatt fleirtal i Stortinget. Kva har dei gjort? Gratis frukt og leksehjelp har blitt lovfesta. Ulstein kommune brukar om lag 250 000 i året på skulefrukta. Og det er ikkje krav til at den som skal vere leksehjelparen er faglært. Men sida desse tiltaka er lovfesta, må vi prioritere dette framfor andre gode tiltak innafor allereie tronge budsjett. Meir effektive tiltak som kompetanseheving hos lærarane og økt lærartettleik blir ofte salderingspostane.

Det er ingenting som vil glede oss meir enn om Arbeidarpartiet og Ivar Mork også vil prioritere desse tiltaka. Men då må dei bli meir tydelege på kva dei eigentlig meinar. Fritt sitert frå Venstre-leiar Trine Skei Grande: "Regjeringa har satsa på frukt og grønt og gratis leksehjelp. Da går det ikkje å stå her og sei at det er lærarar som er viktigast, for da er det faktisk frukt og grønt og leksehjelp med ufaglærte som er viktigast.

Så, kva er viktigast Ulstein Arbeidarparti og Ivar Mork? Gratis frukt og leksehjelp? Eller auka lærartettleik?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**