Venstres Barbuforslag

Venstre fekk ikkje støtte frå noen andre i planutvalet på forslag om å sende tilbake Barbuplanen og få eit betre forslag som nemnt under. Etter at Venstres forslag fall fekk rådmannens forslag 5 stemmer og går vidare til bystyret. Høgre stilte forslag om å ta vekk bygga i felt D mot aust i området, men fekk berre støtte frå Venstre og Arbeidarpartiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Barbu med Barbu kirke

Foto: Jan Kløvstad

Venstres forslag:
“Arendal bystyre trekker planen for Barbubukt og vil ha utarbeidd ny reguleringsplan med utvida planområde.

I det vidare arbeidet vil bystyret at følgande forhold blir vurdert:

– planen må ha som mål å styrke sentrum i Arendal ved å satse meir på og sikre bustadar/leiligheiter, og mindre på kontor og butikkar som kan bidra til å trekke aktivitet ut av og svekke det historiske bysenteret

– planen bør bli utvida med området vest for Kystveien, på begge sider av Skydebaneveien og også langs dei nedlagde sidespora opp mot jernbanen, med tilhøyrande parkeringsareal.

– planen må bli utarbeidd med rom for nye bygg vest for dagens planområde, og i respekt for innsyn, utsyn og historisk eigenart for det gamle Barbu og for strandsonen. Også grøntkorridor opp Barbudalen til Langsæ og Harebakken må med i planen.

– det midtre planområdet må bli ein mykje større park, og rådmannen blir beden om å undersøke vilkår for statstilskot til langt større parkanlegg enn i den foreslåtte planen.

– det bør undersøkast om det kan kome rundkøyring inn til Kystverket/Fiskemottaket direkte frå Kystveien for å redusere det foreslåtte vegarealet.”

Men dette forslaget blei Venstre ståande aleine om i planutvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**