Kultur

her kan du lese frå Nord- Aurdal Venstre sitt valgprogram om kultursatsing i kommunen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


]Kultur har sin eigenverdi. I Valdres er det
eit mangfald av ulike kulturuttrykk. Venstre
i Nord-Aurdal vil leggje gode rammer
for kulturlivet. Eit rikt og variert kulturliv
skapar gode føresetnadar for møte mellom
menneske. I Nord-Aurdal må vi setje fokus
på å dyrke dei gode relasjonane. Slik kan vi
skapa bulyst og utvikling for heile kommunen.
Dette vil vi gjera ved å:
Støtte frivillige organisasjonar og idrettsog
kulturaktivitetar for barn og unge.
Styrke tilhøva for festivalar, større arrangement
og profesjonelle kulturutøvarar.
Halde fram og utvikle kompetanse- og
omdømmebyggjande tiltak, til dømes
"Valdresvert"-kursa.
Styrke arbeidet for vern av kyrkjene som
viktige kulturinstitusjonar.
Støtte Valdresmusea som kulturhistorisk
institusjon og nav i kulturarbeidet i Valdres.
Utvikle innhald i eit "Kunnskapens hus",
med til dømes bibliotek, møterom, utstillingslokale,
rom for øvingar og framsyningar,
pensjonistuniversitet m.m.
Du er velkomen til å stemme på Venstre og
på oss som står på lista. Venleg helsing Hilde
(ordførarkandidat), Svein, Dagny, og Ole.

kultur

Foto: catrine dokken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**