Valkampstart i dag

I dag vart starten på den lokale valkampen i Suldal markert ved at ordførar, Torkel Myklebust og Britt Mari Engeskar (bilete, AP), haldt kvart sitt innlegg. Hendingane på Utøya og i Regjeringskvartalet vart markerte med 1 minutts stillhet. Dei fleste partia hadde stands etterpå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Eskil Nerheim og Nina Østebø

Foto: Suldal Venstre

Suldal Venstre har i programmet for 2011 – 2015 sagt at den viktigaste saka er å jobbe for at folketalet i Suldal skal auke. Målet er 4000 innbyggjarar innan 4 år, og alt me gjer skal ha dette som bakteppe.
Suldal Venstres listekandidatar, her representert ved Eskil Nerheim og Nina Østebø, ønskjer at det skal vere godt å bu i alle grendene i heile kommunen og i programmet kan du lese meir om korleis Venstre har tenkt å få til det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**