Til innhold
Suldal Venstre sine toppkandidatar 2023
Suldal Venstre sine toppkandidatar 2023, foto: Venstre

Velkomen til Suldal Venstre!

Vår politikk tek utgongspunkt i 10 liberale prinsipp der det einskilde menneske står i sentrum. Me ønskjer eit sosialt og liberalt Suldalssamfunn der folk har fridom og høve til å skape sin eigen veg til det gode liv og der ein tek vare på seg sjølv og kvarandre.

Me har ein representant i kommunestyret. Ta gjerne kontakt viss du har innspel rundt saker som du bryr deg om! Gruppeleiar er Nils Bjarne Vold.

Me er på FACEBOOK!

Våre fokusområder

  • Barnehage og skule

    - Liten mann kan kasta stor skugge (Ivar Aasen)

    Alle skulekrinsane i Suldal skal ha ein skule og ein barnehage. Desse skal gje borna våre eit godt oppveksttilbod tufta på det beste frå Suldal sin kultur og tradisjon.

  • Helse og omsorg

    - Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar (Frå Håvamål)

    Venstre ønskjer at alle som har behov for omsorg og støtte skal få eit godt tilbod der brukaren er i fokus.

  • Næringsutvikling

    - Undrande og skapande (Rasmus Løland)

    Gode vilkår for næringslivet i Suldal er viktig. Kommunen sine lokale naturbaserte ressursar er eit viktig fundament for næringslivet i Suldal. Anleggs- og bergverksindustrien, landbruket, havbruket og naturbasert reiseliv er viktig. Venstre vil prioritera næringsarbeidet inn mot desse næringane. Auka aktivitet her vil gi positive ringverknadar for anna service- og tenestetilbod.

  • Miljø

    - Treet, dette kjærleiksbarnet av møtet mellom sol og jord (Alfred Hauge)

    Venstre skal vera ein miljøpådrivar i kommunen, og tala naturen si sak også der andre omsyn synest viktigare.

Våre folk