173 kommunar krev rettferd

Sauda kommune var i førre veke representert på landsmøte til Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, (LVK).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Vannkraft

Foto: Illustrasjonssfoto

Der vedtok eit samrøystes landsmøte ein viktig resolusjon som mellom anna oppmodar alle medlemskommunane til å vente med å handsame planar om vasskraftutbygging i sine respektive kommunar, til regjeringa har avklart sitt syn på ordninga med maksimumsverdi på eigedomsskatt for vasskraftverk.
På Venstre sitt landsmøte i april i år, fremja Sauda Venstre og Suldal Venstre eit forslag til resolusjon om det same temaet. Leiar i Sauda Venstre, Vegard Bjørnå Floa, er glad for at saka no vert løfta fram og at det blir lagt press på regjeringa.
Særordninga med maksimumsverdi på eigedomsskatt kan virke som ein komplisert sak, men handlar i realiteten om rettferd og prinsippet om å skatte etter evne. Dette er prinsipp som er viktige for Venstre.
Saka handlar heller ikkje om at rike kraftkommunar skal bli endå rikare. Vertskommunane — dei aller, aller fleste er distrikts,- og minsteinntektskommunar som slit med både fråflytting og evne til å gje innbyggjarane dei tenestene dei har krav på — krevjar å få sin rettmessige del av verdien som desse verka representerar.
Ordninga om maksimumsverdi var meint å vere midlertidig, då den vart innført i 2004. Den gong for å kompensere for inntekter som eigarane av vasskraftverk "tapte" som følgje av minimumsverdien som vart innført i 2001. Desse pengane har eigarane no fått igjen mange gonger som følgje av høge straumprisar.

Stortinget skal handsame saka i samband med budsjettet for 2012 og 73 ordførarar, varaordførarar og ordførarkandidatar for AP, SP og SV krev no i eit eige brev til regjeringa at ordninga vert fjerna.

Les resolusjonen i frå LVK her.
Les resolusjonen i frå Suldal Venstre og Sauda Venstre her.
Les brevet i frå ordførarar, varaordførarar og ordførarkandidatar for AP, SP og SV til regjeringa, her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**