Svar på spørsmål frå Strilen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Spørsmål 1.
Kva er dei tre viktigaste kommunale ny-investeringane der kommunen bør setja "spaden i jorda" den komande fireårs-perioden- i prioritert rekkefølgje?

Svar:
Venstre meiner me har mange uløyste behov, m.a. Lyngtunet på Lindås, kulturhus i Knarvik, skulen på Seim, barnehage i Alversund, ny barneskule i Knarvik, ny ungdomsskule i området Alversund/Knarvik og innfartsparkering (Park&Ride) i Knarvik for å nemne nokre av dei.

Statlege og fylkeskommunale vedtak og løyvingar vil påverka når ulike kommunale investeringar kan skje, t.d. når Nordhordlandspakken vert gjennomført og tildeling av statlege/fylkeskommunale kulturmidlar. Kjem for eksempel tunnelen mellom Isdal-Knarvik i 2015 må ny barneskule i Knarvik stå klar. Kjem han seinare meiner me at det vert rom for andre prioriteringar. Får me tilskot til oppføring av kulturhus i perioden må me løyva den kommunale eigendelen etc.

Ut frå det som er nemnd ovanfor, er det uvisse om kva som kjem først og sist, men av det me veit i dag prioriterar Venstre slik:
1. Ombygging av barneskulen på Seim for at han skal stetta statlege krav og forventa folketalsutvikling.
2. Utbygging av Lyngtunet på Lindås fordi eldreomsorga må styrkast for demente.
3. Innfartsparkering i Knarvik (Park & Ride) må på plass for å gjera det lettare å nå klimamåla våre, gjera kvardagen for folk enklare og auka verdiskapinga i regionen.
4. Barnehage i Alversund for å stetta både noverande og framtidige behov.
5. Ny ungdomsskule i Alversund/Knarvik fordi kapasiteten er i ferd med å bli sprengt. På lang sikt vil ny skule vera det retta å gjera, men på kort sikt kan utviding av eksisterande vera eit alternativ.

Spørsmål 2.
Vil ditt parti jobba for at kommunen skal delta i aktive drøftingar om ein felles kommune frå kring 2020?

Svar:
Ja, men inntil ei eventuell samanslåing skjer vil me utvikla samarbeidet med dei kommunane som vil samarbeida med oss om å levera betre tenester enn me kvar for oss er i stand til.

Me ser det slik at regjeringa indirekte gjennom sine pålegg, som samhandlingsreforma og ulike kompetanse- og sakshandsamingskrav, skuvar på ein slik prosess. Venstre meiner at kommunesamanslåing bør skje som følgje av ei større forvaltningsreform kor staten overførar makt og mynde til kommunane og fylkeskommunane. Det vil auka lokaldemokratiet, gjera tenestetilbodet betre og redusera byråkratiet.

For Venstre er føresetnaden for å lukkast at pengane følgjer med, og at regjeringa syter for at ein ikkje vert straffa økonomisk for å slå seg saman.

Spørsmål 3.
Kva tiltak vil partiet prioritera på topp for å skapa nye arbeidsplassar og folketalsvekst?

Svar:
Venstre meiner det å ha regulerte areal for bustad- og næringsutvikling i heile kommunen er det viktigaste einskildtiltaket for å skapa nye arbeidsplassar og auka folketalet. Elles er det mange ulike faktorar som har innverknad på kor ein vel å etablera og å busetja seg, m.a. må skular, barnehagar og annan infrastruktur vere på plass.

Me meiner at det å utvikla tenestetilbodet i dei tre sentra våre på Lindås, Ostereidet og i Knarvik er sentralt for utviklinga av kommunen, og for at folk skal ha høve til å busetja seg der ein ønskjer.

Regionsenteret vårt må utviklast med funksjonar som høyrer heime i eit senter for Nordhordland, t.d. kulturhus og symjeanlegg. Me må auka tryggleiken for borgarane med å få på plass eit distriktsmedisinsk spesialisthelsetilbod.

Skal me auka lysten til å etablera seg/utvida aktiviteten, og busetja seg i vår flotte kommune, må ein redusera reisetida til Bergen (Nordhordlandspakken), og det må vera høve til å parkera og å reisa kollektivt raskt og effektivt med båtbuss og buss.

Elles er det naudsynt å arbeida for at Mongstad får utvikla seg vidare, m.a. gjennom storhamn, testanleggsutvikling og tilstrekkeleg med vasskapasitet.

Spørsmål 4.
Har kommunen gode nok kommunale fritidstilbod for born og unge? I fall nei- kva vil ditt parti gjera?

Svar:
Venstre sitt utgangspunkt er at det er borna og ungdomen sjølv som saman med foreldra har ansvaret for at dei har ei kvalitetsfylt fritid fram mot det å bli vaksen. Kommunen skal leggja til rette for at ein kan delta i organiserte og "uorganiserte" fritidsaktivitetar.

Sett under eitt har me gode oppvekstvilkår i kommunen, og born og unge har mange valmuligheiter. Men, me kan heilt klart bli betre. Anten det gjeld anlegg, kulturtilbod/møteplassar eller høve til å driva med akkurat den aktiviteten ein ønskjer.

I høve samanliknbare kommunar i Hordaland er det største saknet eit kulturhus med kino og mange ulike funksjonar, eit symjeanlegg og andre møtestader for "uorganisert" aktivitet for ungdommen.

For å styrkja kommunen meiner Venstre at det er viktig å utvikla samarbeidet med Ungdomsrådet.

Spørsmål 5.
Er eldreomsorga i kommunen god nok- I fall nei- kva vil ditt parti gjera betre?

Svar:
Som på førre spørsmål har kommunen generelt eit godt tilbod, der ikkje minst dei tilsette gjer sitt for at våre eldre skal ha det godt, men me kan bli betre. Me har eit særleg behov for å utvikla tilbodet for demente. Venstre vil at første delen av utbygginga av tilbodet for demente, Lyngtunet, skjer på Lindås.

Spørsmål 6.
Kva er den viktigaste miljøsaka for ditt parti dei neste fire åra?

Svar:
For Venstre er det viktig at miljø og næringsutvikling går hand i hand. Å få til rimeleg innfartsparkering i Knarvik, i offentleg regi, som stettar eit framtid behov for at kollektivtransport med båtbuss, buss og bybana vert den reisemåten folk flest vel mellom Nordhordland og Bergen.

Det vil skapa ein vinn-vinn-situasjon ved at næringslivet får betre rammevilkår gjennom kortare reisetid og dermed aukar verdiskapinga i regionen. Det aller viktigaste med dette, forutan at alle også får reinare luft å pusta i, er likevel at det vil forandra måten me som privatpersonar tenkjer på. Å tenkja globalt og handla lokalt får ny næring når me får til denne snuoperasjonen.

Spørsmål 7.
Vil ditt parti innretta seg etter fleirtalsvedtaket om nedlegging av tre skular i kommunestyret i juni 2010 eller arbeida for å få dette vedtaket omgjort den komande perioden?

Svar:
Venstre vil ha omgjort vedtaket om nedlegging av skulane på Kløvheim, Skodvin og Festo fordi me meiner slike basistilbod skal vera i nærmiljøet. Me er opne for å driva dei i kommunal regi, eller i ein kombinasjon av privat og offentleg regi. Me er også opne for å flytta skulen frå Festo til Myksvoll.

Spørsmål 8.
Ser partiet for seg ei framtid for Lindåstunet som pleieinstitusjon, og bør kommunen som huseigar løyva dei midlar som trengst dersom bygget ikkje er brannsikkert?

Svar:
Venstre meiner Lindåstunet spelar ei viktig rolle i eldreomsorga og kulturlivet i Lindås på fleire måtar. Lindåstunet
gjev tilbod om ein heim før vedkomande eventuelt treng sjukeheimsplass
avlastar dei kommunale heimetenestene
gjev dagtilbod for eldre som supplerar det offentlege tilbodet
gjev hjelp til folk som treng ei varm hand for kortare eller lengre periodar
syter for at pårørande som treng tryggleik for at deira kjære blir teken hand om får naudsynt avlastning
gjer at dei mange eldre og andre, som vil og kan gjere ein friviljug innsats for Lindåstunet, får høve å gjera denne svært viktige innsatsen for nærmiljøet sitt og samfunnet
vernar dei kulturhistoriske bygga gjennom bruk

Venstre vil løyva dei naudsynte midlane for å brannsikra bygget ut frå den samfunnsnytten Lindåstunet har. Elles har ein no synleggjort at ei eventuell avvikling av Lindåstunet vil verta at tenestetilbodet vert dyrare for kommunen, og at borgarane får eit dårlegare tilbod i form av mindre valfridom og bortfall av tilbod. Difor meiner me at kommunen kan ta på seg relativt sett store utbetringskostnadar ut frå økonomiske omsyn, sjølv om mykje i dag tyder på at utgiftene til brannsikringstiltak vert låge.

Spørsmål 9.
Om det nye kommunestyret skal seia ja eller nei til flystripe på Erstadfjellet i Alversund, kva vert svaret?

Svar:
Venstre seier nei til småflyplass på Erstadfjellet, og vil røysta mot om det blir tema for det nye kommunestyret. Erstadfjellet er eit særs viktig friluftsområde for nærmiljøet, og som del av eit større rekreasjonsområde i kommunen. Slike område kjem til å bli viktigare framover etter kvart som folketalet både i Alversund og kommunen aukar. Venstre ønskjer å samarbeida om å finna løysingar for flyklubben sine ønskje, men ein annan stad der miljø- og friluftsinteressene er vesenleg mindre enn på Erstadfjellet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**